Goth nyttår, folkens!
Kor skummelt kan det eigentleg bli når ein ikkje lenger trur på det overnaturlege?
Regissør Robert Eggers har nytolka legenda om Dracula.
Foto: United International Pictures
Skrekk / Fantasy
Regi: Robert Eggers
Nosferatu
Med: Lily-Rose Depp, Nicholas Hoult, Bill Skarsgård, Willem Dafoe
Kinofilm
Wisburg i Tyskland i 1839: Det unge, nygifte paret Ellen (Depp) og Thomas (Hoult) slit med marerittet hennar og hans mangel på jobb. Når han endeleg ser ut til å få kjangs på ei fast stilling, kjem ho med eit oppdrag – til Transilvania.
Grev Orlok (Skarsgård) vil skriva under på eit skøyte til ein gamal herregard i Wisburg. Thomas erfarer kjapt at greven ikkje er heilt god. Han har ikkje gode intensjonar med den føreståande flyttinga heller.
Gjenferdsyn
Han er tilbake – fælare enn nokon gong. Det skal for så vidt ikkje så mykje til, for om du tek ein kikk på filmoriginalen, laga av F.W. Murnau i 1922, så ser Nosferatu meir tullete ut enn direkte skummel (sjølv om skodespelaren festleg nok heiter Max Schreck).
I versjonen til Werner Herzog frå 1979 spelar Klaus Kinski hovudrolla, noko som sjølvsagt gjer at Nosferatu her er ufatteleg guffen, særleg i ei blodsugande scene der han nærast diar halsen til offeret sitt.
Eg vil påstå at sjåarane har vorte nokre hakk meir kravstore det siste hundreåret, for ikkje å seia storforlangande til dei grader at spørsmålet er om me lenger lèt oss skremma av vampyrar og levande daude. Vanlege dødelege menneske og alt me er i stand til å utføra av styggedom, gjer meg langt meir redd, også overført til film. Så kan den gode gamle overnaturlege skrekkfilmen ha livets rett på kino også i dag?
«No blir det noko overkøyrt av effektar for effektane si skuld.»
Brit Aksnes om Nosferatu
Produktet
Det er ikkje berre vampyrane som har fått blod på tann, det har også produsenten A24. Ein kan nesten seia at det vesle uavhengige selskapet eigenhendig har stått for renessansen til sjangeren gotisk skrekk med nyklassikarar som The Witch (2015), Hereditary (2018), Midsommar (2019) og Saint Maud (2019), for å nemna eit par.
Fyrstnemnde The Witch var skriven og regissert av Robert Eggers, som også står for nye Nosferatu. Det subtile overnaturlege og forventninga om at kva som helst kan skje, fordi menneskesinnet får fram dei underlegaste karakterar, er no overført til langt mindre grubling: Grev Orlok er ekte, han er ikkje ein myte, og han kjem til å drepa.
Utover det at sjølve greven har gjennomgått ein transformasjon i framtoning sidan Murnau-versjonen, er det forbløffande kor godt historia har halde seg.
Stoked
Murnau bygde sjølv filmen på Bram Stokers Dracula frå 1897, men endra tittelen fordi enkja til Stoker ikkje samtykte til bruk av boka. Visstnok var det Murnau som tok inn elementet med at vampyrar ikkje toler sollys. Versjonen til Robert Eggers er trufast mot Murnau, men med eit par vriar, som karakteren Bulwer (Van Helsing i boka til Stoker), som no er den framsynte okkultfantasten professor von Franz (Dafoe). Den rolla kler historia.
Dei seksuelle over- og undertonane mellom Ellen og Nosferatu er eg meir usikker på, som jo kan bety at det fungerer... Eggers er ein kløppar på manus og har ei spesiell evne til å få skodespelarane til å gje alt. Likevel kjennest det som dette subtile som kler dei andre filmane hans, det stille, men sterke ubehaget, til dømes i The Lighthouse (2019), no blir noko overkøyrt av effektar for effektane si skuld og ei i overkant «skummel» stemme frå Nosferatu sjølv.
Og apropos effekt og myte: Knock som bit hovudet av ei due, må jo vera ei hyllest til gothrockar Ozzy Osbourne. Kanskje det oppsummerer filmen for min del – litt mykje myte og frieri til skrekksjangeren, men utan nok ubehag.
Brit Aksnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.