JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Gjennom merg og bein

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein av filmskaparane, Waad Al-Khateab, med dottera Sama, som vart fødd under arbeidet med filmen.

Foto frå filmen

1811
20191004
1811
20191004

Dokumentar

Regi: Waad al-Khateab og Edward Watts

For Sama

Sama, Waad og hamsa al-khateab

Eg har sett fleire tusen filmar, både gode og vonde, men aldri noko så jævlig som dokumentaren For Sama, som blei vist på årets BIFF. Skildringar av borgarkrigshelvetet i Syria finst det fleire av, men det som gjer journalisten og filmskaparen Waad al-Khateabs versjon frå Aleppo så spesiell, er at vi kjem så tett på offera, både levande og døde, store og små, og deler angsten og sorga med dei på brutalt vis.

Al-Khateab og Edward Watts har gitt filmen form som eit brev til Al-Khateabs dotter Sama, som blei fødd under kampane om den 4000 år gamle kulturbyen Aleppo – eit vitnesbyrd om krigsgalskap, men også om menneskeleg omsorg og varme. Waad er journalist og vil dokumentere det som skjer, og Hamza, som går frå å vere ven til ektemaken hennar i løpet av åra ho filmar han, er lege og sjef for eit «illegalt» sjukehus i byen. Sjukehuset, som fleire gonger blir bomba og skote på, er sjølve navet i forteljinga. Her blir liv redda, her går liv tapt. Alt skjer i eit drepande tempo, med mangel på medisinsk utstyr og medisinar, men aldri mangel på vilje til å halde fram.

Oppe i alt som stadig skakar oss, møter vi også freistnader på å leve «normalt» og menneske som aldri taper humøret eller motet og stadig gir kvarandre omsorg og oppmuntring. Saman sender desse kontrastane ein bodskap til verda, eit dokument om menneskeleg råskap forbi det ufattelege, og om like ufatteleg livsmot og humanitet. Og igjen ser vi korleis det såkalla verdssamfunnet berre svarar på øydeleggingane med ord og fattige resolusjonar. Her går tydelegvis grensa for det globale ansvaret. Om nokre år blir vel folkemordaren Bashar al-Assad ønskt velkommen attende i det gode, internasjonale selskapet.

Jan H. Landro

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis