Film
Gælisk, magisk
Ein treng ikkje vera barn for å la seg riva med av barnefilmar.
Robyn må halda seg innandørs, slik snille jenter skal.
Foto: Filmweb
Året er 1650, ulvane trugar den irske byen Kilkenny, og Goodfellowe er hyra inn som ulvejeger. Dottera Robyn er minst like glad i å skyta med armbrøsten som far sin, men må halda seg innandørs, slik snille jenter skal. På ein sniktur ut treffer ho Mebh, ei raudhåra jente med spisse tenner, smidige rørsler og eit koppel av ulvar som følge.
Nydeleg
Ulvevandrerne hamnar nok ikkje på Senterungdomen si liste over tilrådd underhaldning, men uansett korleis du måtte stilla deg til ulv, skal du vera hard om du klarar å unngå å verta rørt av denne nydeleg vakre teiknefilmen. Og ja, det er ein teiknefilm, med ein estetikk som ligg langt frå Pixar og Disney sin 3D-animasjon, like kjend som ei gamal eventyrbok eller eit slite Asterix-blad, og dermed uendeleg eksotisk etter dagens standard.
Ein kan lesa store dosar symbolikk inn i Ulvevandrerne, som å leva i pakt med naturen, at slemme autoritetspersonar hersar med folket, eller at ein kan velja å verta den ein vil. Ein kan også berre sjå filmen som ei spennande og rørande forteljing saman med ungane, utan å nemna noko som helst om politikk eller religion.
Ulv, ulv
Handlinga er dels reell, då den skildrar tida då Oliver Cromwell anglifiserte Irland på brutalt vis. Riksforstanderen er bygd på modell av han. Mytane om ulvefolket frå Ossory er også reelle nok, men alt i alt har filmskaparane sjølve valt kva dei vil fortelja, og hovudnerven i filmen er om Robyn klarar å koma ulvane og ulvevandrarvenen Mebh til unnsetning, til trass for at faren er ulvejeger.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.