Fyllefest på FAU
Fedre & mødre er satire som gjer det lett å le når ein helst burde grina.
Piv og Ulrik prøver å bli ein del av foreldregruppa i den nye klassa til dottera.
Foto: Nordisk
Komedie
Regi: Paprika Steen
Fedre & mødre
Med: Jacob Lohmann, Katrine Greis-Rosenthal, Amanda Collin, Carsten Bjørnlund
Kinofilm
Ekteparet Ulrik (Lohmann) og Piv (Greis-Rosenthal) lukkast endeleg med å få dottera inn på den prestisjetunge privatbarneskulen. Eitt av krava for å få plass er eigeninnsats frå foreldra – klassefestar, foreldremøte, hytteturar og kakebaking i lange banar. Og alt skal gjerast i fellesskap med dei andre foreldra på skulen og med velsigning av den allmektige rektoren.
Skrekkeleg
Eg skriv at det er komedie, men Fedre & mødre er eigentleg ein skrekkfilm. Fy flate for ein gjeng fæle folk! Eller er det berre slik foreldre flest er? Det anar meg at regissør Paprika Steen har observert eitt og hitt frå det verkelege livet, og det er ikkje pent.
Det er ein ekkelt sjølvtilfreds og egosentrisk gjeng som møter Ulrik og Piv. Som om dei er noko betre sjølve! Ingen slepp unna kritikk her, utanom ungane, som faktisk ikkje kan skuldast for å ha oppdrege foreldra sine til å bli sånne bortskjemde forvaksne skitungar.
Sjølv om mantraet er fellesskap, er det innlysande at alle er seg sjølv nærast, for ikkje å seia kloss nær sin eigen navle. Her er så mange variantar av «fæl» at det nesten bikkar over, og det er jo då du får komedie, heldigvis.
Myrsnipesyndromet
Filmskaparen er glad i slike gruppedrama. Den førre filmen hennar, Den tiden på året (2018), er ein klassisk julefilm med storfamilien som barkar saman på verste vis. Det er noko utprega dansk over ein del, eller iallfall såpass unorsk at eg automatisk overfører det til vår meir liberale nabo i sør – dei drikk med begge hender, og ungane reagerer ikkje verre på det enn at eg lurar på om dette er vanleg kutyme.
Sidan eg landar på at det må vera overdrive for komisk effekt, så blir det altså mindre morosamt... Så ujamn komedie må eg slå fast at det er, men ikkje dermed lite underhaldande. Og så er det ein herleg, mørk moral til slutt, eit høgt heiarop til alle lærarar som orkar å stå i det, og ei djup forståing for dei som ikkje gjer det.
Norske foreldre med ungar i skulen treng ikkje lena seg for mykje på den påpeika danske forskjellen. Eg tippar det er plenty parallellar om ein berre er villig til å innsjå det. Akkurat det er det nok ein del som ikkje gjer, også etter å ha sett Fedre & mødre. Faren er vel at ein ler som om det berre handlar om alle andre enn ein sjølv, men regissør Steen skal ha for forsøket.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.