JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Ful av nåde

Nyansane er glitrande og grumsete i dette vakre spenningsdramaet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filmen er basert på ein roman av Ermanno Rea frå 2016.

Foto: Mario Spada / MAD Entertainment

3085
20230707
3085
20230707

Drama

Regi: Mario Martone

Nostalgia

Med: Pierfrancesco Favino, Francesco Di Leva, Tommaso Ragno
Kinofilm

Etter førti år i Nord-Afrika vender Felice (Favino) tilbake til barndomsriket sitt, Napoli, der han pleidde rasa rundt på motorsykkel med bestekompisen Oreste (Ragno). Han føler alt er heilt likt, men er det no eigentleg det?

Bydelen han forlét som ungdom, er totalt under støvelen til Camorra-mafiaen, men presten don Luigi (Di Leva) prøver å stå imot.

Mafiabrør

Mafiafilmar gjev meg høge skuldrer. Det kan liksom ikkje enda godt. All organisert kriminalitet er basert på frykt, makt og nåde der skruppellause individ tek seg av saka, og sjølv om særleg amerikanske mafiafilmar elskar å glorifisera med kjøtbollar, storfamilie og romantisk brorskap, så er det ingenting gloriøst med den ekte mafiaen. Verkeleg ikkje.

Forfattar og journalist Ermanno Rea er frå Napoli og prøver på ingen måte å kasta noko glans over Camorraen, som har regjert byen i eit par hundreår, og som har hardna betrakteleg til med narkohandel sidan åttitalet. Omtrent denne opptakten blir glimrande skildra i Nostalgia, med tilbakeblikk der Felice og Oreste, ragazzi, freser rundt i Napoli, kongar på haugen, med heile framtida liggande der, utan tanke for at det faktisk skulle koma til å handla om å bli den ekte kongen på haugen.

Bismillah

Filmen er nostalgisk, der held tittelen det han lovar. Og kanskje me treng nostalgi for å verdsetta det me har i dag. Men nostalgi kan også vera eit slør, eit filter som løyner grums som har best av å ligga på botnen utan å verta kvervla opp.

Felice har nærast fått ny identitet, byen hans er Kairo, kona er egyptisk, Allah er stor, og italiensken er stotrande etter alle desse åra utanlands. Men likevel: «Dette er landet mitt», seier han på arabisk. Napoli er ein metropol, ein smeltedigel av nasjonalitetar, nabolaget La Sanità samansett av familiar med lange linjer tilbake og familiar som akkurat kom av båten, og alle har til felles at dei må jobba – for mafiaen.

Viss ikkje don Luigi klarar få ungdomane til å samlast, er det ikkje mange alternativ for dei i eit Italia som slit med fattigdom og «alt var betre før»-mentalitet. Felice veit så godt som nokon kva ein slik oppvekst medfører.

Tangerine Dream

Nostalgia er ein nydeleg film, Felice er nydeleg, Napoli er nydeleg, musikken er nydeleg, og alt det vakre understrekar fortvilinga og frustrasjonen i at det skal vera naudsynt å ha eit samfunn drive av frykt. Scena der Felice badar den gamle mor si, kjemmer håret hennar og legg henne i ei seng med reine laken – det er både til å få frysningar og til bli varm i heile seg av.

Og så ligg det under heile tida – kor blei det av bestekompisen Oreste? Skal dei møtast igjen og atter vera som brør? Så var det dette med at ingenting går bra i mafiafilmar. Men Nostalgia er ikkje ein vanleg mafiafilm. Eller er han til sjuande og sist det? Det er vel verdt å finna ut.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, program­skapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis