Film
Frå galskapens tid
Den svenske musikkvideoregissøren har laga ei blanding av dokumentar og fiksjonsfilm.
Den svenske regissøren Jonas Åkerlund har laga film om då norsk svartmetall vart «oppfunne».
Foto frå filmen
Då ekte norsk svartmetall blei «oppfunne» og Øystein «Euronymus» Aarseth med bandet Mayhem tok til å gjere seg gjeldande, steig ein ung bergensar inn på scenen og gjorde svartmetall til noko meir enn berre musikk. Bak ei sjuk blanding av heidenskap, satanisme og annan djevelskap gjekk Kristian Vikernes, alias Varg Vikernes, alias Greven, laus på alt som representerte kyrkjelege og andre autoritetar.
Kyrkjebrann og drap
Det førte til fleire kyrkjebrannar og to drap før han blei stoppa. Det siste drapsofferet var nettopp Aarseth, og originalt nok har regissøren gjort han til forteljar og hovudperson i filmen.
Svensken Jonas Åkerlund, som er kjend for å lage musikkvideoar for dei store verdsstjernene, har teke for seg den galskapen som Vikernes, med halvhjarta bidrag frå Aarseth, sette ut i livet.
Skremmande bilete
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.