Film

For mykje krim på kaka

Widows er eit sleivskot frå den vanlegvis treffsikre Steve McQueen.

Dramaet byrjar når eit ran går gale, og fire kvinner vert enkjer.
Dramaet byrjar når eit ran går gale, og fire kvinner vert enkjer.
Publisert

Eit ran går gale og att sit fire enkjer, utan pengar og med Chicagos’ mest korrupte politikarar på nakken. Ringleiarenkja Veronica (Davis) får overlevert informasjon som kan redda henne og dei andre, om dei berre følgjer i fotspora til dei omkomne ektemennene.

Texas i Chicago

Frå sekstitalet og godt utover dei neste tiåra vart det berykta området kring Sletten i Bergen kalla Chicago. Ting har forbetra seg i bydelen på Vestlandet, men i det 18. distriktet i den tredje største byen i USA står det dårleg til. Ei knust kneskål er barnemat mot det representant Manning (Henry) byr på for å koma til makta. For å få opp pulsen på historia har regissør McQueen hanka inn krimforfattar Gillian Flynn, kjent for kassasuksessar som boka og filmen Gone Girl og TV-serien Sharp Objects. Manus er basert på den britiske krimgiganten Lynda LaPlantes bok og britisk TV-serie med same namn. På elegant foto finn ein Steve Bobbit, ein gjengangar bak kameraet på McQueens tidlegare triumfar som 12 Years a Slave og Shame. Kva kan gå gale?

Dyr moro

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement