JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

For lite forbanning

Forbannelsen er ein ambisiøs film som ikkje innfrir, dersom ikkje forventninga er å få ein overlest film med mykje drama.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Året er 1918, og spanskesjuka herjar. Ein pastor vender heim frå Madagaskar for å etablere ein kyrkjelyd i eit norsk gruvesamfunn.

Foto: SF Studios

3164
20221007
3164
20221007

Thriller

Regi: Henrik M. Dahlsbakken

Forbannelsen

Med: Eva Nygård, Jan Sælid, Ellen Dorrit Pedersen, Tarjei Sandvik Moe, Anna Filippa Hjarne
Kinofilm

Vesle samiske My (Nygård) vert adoptert av presten Lautitz (Sælid), den døyande kona (Pedersen) og deira frynsete, heimkomne soldatson Oscar (Moe) og blinde dotter Agathe (Hjarne). Og herifrå går det berre sånn passe med heile gjengen.

Sjanger 1

Eg har lyst å sitera gode, gamle Wikipedia med tanke på sjangeren thriller: «Betegnelsen brukes i sin videste definisjon som synonym for ’en svært spennende historie’.» Legg til tittelen Forbannelsen, så burde det vore duka for gode greier for dei som likar gåsehud og grøss og gys. Burde.

Eg skreiv fyrst automatisk «drama» då eg skulle kategorisera denne filmen, og eg vil seia at dei som ser traileren i tillegg, kjem til å bli skuffa om det er ein thriller dei forventar seg. Det er enormt lite grøss utanom eit par svevescener og ei blodspyttande Ellen Dorrit Pedersen ganske i starten. Det er kanskje dårleg gjort å avsløra dette, men igjen: Det er som sagt desse scenene traileren òg har teke med.

Så kva er det den ytst produktive regissøren Henrik M. Dahlsbakken har hatt på hjartet denne gongen? Siste film eg såg av han, var Prosjekt Z (premiere 2021), ein zombieskrekk-komedie som heller ikkje var skummel. Det er store tema han sneiar innom i Forbannelsen: incest, overgrep, maktmisbruk, samehets, alt sett til eit gruvesamfunn kring Røros og med fyrste verdskrigen og spanskesjuka trugande i kulissane saman med overnaturlege krefter og barnelik i kjellaren.

Det skortar ikkje på innfall, det skal seiast, og dermed blir det ikkje ein kjedeleg film, det skal han ha. Men den einaste spenninga eg strengt talt føler på, er kor mange fleire element som kan rullast opp før rulleteksten kjem.

Sjanger 2

Åndelege ting, vonde krefter og overtru spelar ei rolle, sjølv om eg føler familieband og kjærleiksrelasjonar er mest vektlagde, trass i forsøk på å skapa skummel stemning og gufne vibbar. Å framstilla samane som spirituelle og naturnære på ein typisk «heidning versus kristen»- måte verkar klisjéaktig, og eksotifiseringa kler ikkje ein ny film som Forbannelsen. Også det incestuøse tilsnittet verkar lempeleg plassert, som for å skapa ekstra drama.

I tillegg, når det etter kvart blir forholdet mellom dottera Agathe og ein ung gruvearbeidar som er drivkrafta, får filmen langt meir An-Magritt (1969) enn Carrie (1976) over seg, for å seia det slik. Definisjonen for dramafilm er for lang til å sitera, men går enkelt ut på at det dreier seg om mellommenneskelege og kjenslemessige forhold der rollefiguren kjem i konflikt med seg sjølv eller samfunnet.

Å kasta inn nokre overnaturlege klipp og eit oujabrett er ikkje nok for meg til å bli skremd, så eg vil oppsummera Forbannelsen som eit drama for dei som vil ha mykje drama. Eg synest ikkje spenninga held, uansett kva sjanger du skulle falla ned på.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, program­skapar, kulturarbeidar og fast film­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis