JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

«For eit oppkome av fikse idear! Eg diggar alt som kjem ramlande.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Camilla Godø Krohn spelar hovudrolla som 18 år gamle Ebba i debutlangfilmen til Johanna Pyykkö. Radoslav Vladimirov spelar Vladimir, ein mann Ebba finn medvitslaus i hamna.

Foto: Ymer Media / Oslo Pictures / Eye

3320
20240315
3320
20240315

Drama

Regi: Johanna Pyykkö

Min fantastiske
fremmede

Med: Camilla Godø Krohn, Radoslav Vladimirov, Laila Goody
Kinofilm

Knallgod dårleg idé

Johanna Pyykkö har teke eit høgst vellukka steg frå kort til lang.

Attenårige Ebba (Krohn) jobbar som vaskehjelp og bur i kjellaren til eit velståande par utanfor Oslo. Utanfor hamneområdet etter jobb finn ho ein forslått mann (Vladimirov) liggande på fortauet. Har har tydeleg mista hukommelsen. Kva er betre enn å ta han med seg heim og lata som han er kjærasten hennar?

Stakkar

Alt frå fyrste scene etablerer Ebba seg som kjipt misunneleg, der ho knabbar småsaker frå ei bursdagsfeiring i ein av kontorbygningane ho vaskar i. Det fortset opp i villaen som ho no skal passa på for sommaren, der ho ser bort mot ungdommane som har heimefest hos naboen – ei klam misunning som dei fleste kan ha kjent på, men som er så utiltalande observert at ingen vil vedkjenna seg det.

Ebba kjem frå fattigare kår sjølv, med oppvekst i blokk, hardtarbeidande mor og ei syster med Downs som ho ofte må ta seg av, utvilsamt eit slags klasseskilje frå nabolaget ho no bur i og gjerne vil høyra til.

Her må det nemnast at filmen er ei slags fortsetjing av kortfilmen Min søster danser (2020), utan at han er noko anna enn bakteppet og karakterane. For det er ingenting kortfilm-dregen-ut-til-langfilm-aktig over Min fantastiske fremmede, berre så det er klart.  

«Av alle ting får eg assosiasjonar til åttitalsklassikaren Jakten på Susan.»

Oslo-syndromet

Av alle ting får eg assosiasjonar til åttitalsklassikaren Jakten på Susan (1985). Rosanna Arquette blir forveksla med Madonna, eit fall gjer at ho mistar hukommelsen og søt musikk oppstår mellom ho og Aidan Quinn. Bland denne med ein dæsj Stephen King og Misery (1990), så har du, vel, eigentleg på ingen måtar Min fantastiske fremmede, men det er unekteleg ein guffen undertone og eit underhaldningsaspekt som tangerer begge dei nemnde filmane.

Samtidig er den norske sommarkjensla sterkt til stades, og Oslo ser ut som ei einaste lang sommarnatt gjennom den dyktige fotografen til Pyykkö, Torbjørn Sundal Holen, så stemninga kjennest liksom lett trass i den absurde dosen stockholmssyndrom på toppen av det heile.

Min fantastiske fremmede (forfilm)

Idefix

Svenskfødde, finskætta, norskbusette Pyykkö debuterer som langfilmregissør og har sjølv skrive manus (saman med Jørgen Færøy Flasnes). For eit oppkome av fikse idear! Eg diggar alt som kjem ramlande, uventa og fullstendig uføreseieleg, eit lastebillass av innfall. Av og til skjer det så snåle ting at eg lurar på om det er meininga at det skal vera eit av dei mange innbilte scenarioa som kjem og går, for så å gå over i ei ny retning som gjer at eg igjen klør meg i hovudet mens eg kosar meg, kneggar og sit med open munn om ein annan.

Pyykkö er også klippar, og kortfilmen hennar Manila Lover (2019) er original, stram og med ein herleg driv. På Min fantastiske fremmede har ho fleire med seg på klipp, noko eg skulle ynskja resulterte i endå strammare resultat enn no. Som kanskje blir som å seia at eg gjerne ville hatt ein mindre porsjon, men med alle ingrediensane. Eg har uansett store forventningar til Joanna Pyykkös neste film.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, program­skapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis