JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

For ein irriterande film!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ansel Elgort spelar hovudrolla som den unge sjåføren Baby.

Foto: Wilson Webb

1627
20170804
1627
20170804

Actionkomedie

Regi: Edgar Wright

Baby Driver

Med: Ansel Elgort, Lily James, Kevin Spacey

Ungguten Baby (Elgort) er ein hylar til å køyra bil, noko som gjer han til den perfekte fluktsjåføren for bankranarar. Helst vil han berre finna kjærleiken og køyra mil etter mil, med den daude mora reinkarnert i ei pen jente ved si side.

Sjarmlaust

Det tek i underkant av eitt minutt før eg irriterer meg over denne filmen. Ikkje eingong Jon Hamm får smilet fram. Eg har to timar framfor meg med sladding, slemme machomenn og klisjear – og heldigvis eit tett og godt lydspor til å døyva gremminga. Eit snev av forventningar har eg kosta på meg. Regissør Edgar Wright har stått for festleg sjarmerande filmar som Shaun of the Dead (2004) og Hot Fuzz (2007). Diverre er den barnlege entusiasmen, som var så likande i dei førre britiske produksjonane, knapt til stades, utanom i sjølve biljaktsekvensane, som skal seiast er underhaldande nok.

Edgar Wrong

Å sjå god biljakt er som ein godt koreografert ballett, berre med tunge dosar testosteron. Og i Hollywood er det framleis best å vera kvit, heterofil mann, noko som sjeldan kjem tydeleg fram i Baby Driver. «Watch your mouth – that’s my lady you’re talking to». Unnskyld meg? 50-talet ringde og ville ha manuset sitt tilbake. Det er berre å bita tennene saman og sjå ferdig. Må nett sjekka om Baby klarar å redda ei jomfru i naud til slutt. Eg håpar Edgar Wright kryssar Atlanteren snart, og tek opp tråden frå tidlegare suksessar. Baby Driver kan han skriva av på tabbekvoten.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis