Film
For ei galen, galen verd!
Igjen syner Bergen Internasjonale Filmfestival at han ikkje berre er den største, men også den viktigaste her i landet.
Filmen til Charlie Luckock er visuelt slåande og dokumenterer mangfaldet i havet langs kysten av Sør-Afrika.
Å møte verda gjennom filmfotografens linse er opplysande, men ofte også sørgjeleg deprimerande. Kva er det vi gjer med den vakre kloden vår? Og med kvarandre? I dokumentar- og spelefilmar får vi innblikk i mykje av galskapen og vondskapen som rår. Og sjølv om kvar film kanskje berre syner ein liten flik, meir enn anar vi at mykje av dette skjer overalt.
Koronaen har ikkje fått stoppe Biff 2020. Festivalen har tvert om blitt utvida ved at mange av filmane også kan sjåast på nettet, og såleis blir tilgjengelege for publikum over heile landet. Dette er meint som ei løysing på dei avgrensingane koronaen set, men vil samstundes gi eit stort publikum høve til å sjå ei rad viktige filmar som aldri kjem på kino eller TV.
Fleire av statane i det tidlegare Sovjetsamveldet får filmatisk merksemd på denne festivalen, men god reklame er det ikkje. Welcome to Chechnya (regi: David France) gir eit skremmande bilete av korleis alle «skeive» i den muslimske republikken Tsjetsjenia blir hersa med, fengsla og torturerte av politi og styresmakter. Tek ikkje maktapparatet hand om dei på brutalt vis, står ofte familien parat til å gjere ende på dei i namnet til æra.
I Usbekistan er det håp om betre tider etter at den brutale diktatoren Islam Karimov døydde. Det ligg òg ei oppmuntring i den uslitelege syskenkjærleiken Dilya syner i sin mangeårige kamp for å få bror sin fri frå urettvis fengsling i landets strengaste og verste fengsel. Only the Devil Lives Without Hope (regi: Magnus Gertten) skildrar kampen hennar og syner kor langt styresmaktene kunne gå for å overvake, undertrykkje og slå ned all politisk motstand.
Så mykje håp er det ikkje i fiksjonsfilmen Atlantis (regi: Valentin Vasianovitsj) heller. Han skildrar Ukraina i 2025, eitt år etter at krigen mot Russland tok slutt. Denne postapokalyptiske filmen tek oss med til landskap som er omgjorde til giftsumpar og fulle av ueksploderte miner. Hovudpersonen jobbar for ein organisasjon som leiter etter likrestar for å identifisere dei og få dei i jorda på verdig vis. Dette arbeidet gir ei viss meining, og forholdet til ein kvinneleg kollega blir eit lyspunkt i alt det dystre.
Etter denne tristessen gjer det godt å sjå Our Oceans: A Journey of Discovery (regi: Charlie Luckock), som på visuelt slåande vis dokumenterer det spektakulære mangfaldet i havet langs kysten av Sør-Afrika. Men filmen minner oss også på korleis forsøpling er i ferd med å gjere uoppretteleg skade på denne naturrikdommen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.