Film
Fluge på veggen i eige liv
Når ein får gjennomført ein god idé, kan resultatet bli meir enn godt.
Regissørane Petter Aaberg og Sverre Kvamme debuterer med ein dokumentarfilm som handlar om å velje livet.
Foto: Indie Film AS
Sverre og Petter har kjent kvarandre sidan dei gjekk på filmfolkehøgskulen i Lofoten. Petter slit med sjølvmordstankar, og med kamera i hand bestemmer venene seg for å filma Petters nattestidleit etter andre som slit.
Kamera går og går
Heimefilmar no til dags er ikkje som for berre nokre år sidan, takk vera lett tilgjengeleg teknologi, rimelege og gode kamera, mobiltelefonar som slår digitalkameraa frå 10–15 år sidan ned i støvlane, og programvare som gjer at «alle» kan redigera sin eigen film. Men «alle» har ikkje god idear, auge for situasjonar, pågangsmotet som skal til for å oppsøka situasjonane, og ikkje minst – tolmodet til å redigera time etter time etter time med råmateriale.
Med Gopro-kameraet festa til dashbordet susar Petter og Sverre rundt som to unge riddarar på eit krosstog: Med vondt skal vondt adresserast. Det som alltid kjem i farvatnet av slike filmar, er om det kan trigga alt sårbare personar. Då skal det ofte ligga eit element av kynisme eller skjønnmåling bak, og det kan ikkje Nattebarn skuldast for.
Ikkje åleine
For nokre fine folk dei har klart å få tak i på natteferdene sine! Destruktive sjeler som samtidig gjerne ikkje vil vera nettopp det, og som eg kjenner eg blir håpefull på vegner av. Det at Petter byr på seg sjølv og sine problem, gjer nok at intervjuobjekta deira blir ekstra ærlege. Og kanskje dei gjer at Petter blir ekstra ærleg sjølv?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.