Fine kvinner i fin film
Eg blir både vemodig og håpefull av En kvinne i Istanbul.
Mzia Arabuli spelar fru Lia, som leitar etter niesa si. Ho får hjelp av naboguten Achi, spela av Lucas Kankava.
Foto: Ozan Acidere / Mer Film
Drama
Regi: Levan Akin
En kvinne i Istanbul
(Orig. tittel: Crossing)
Med: Mzia Arabuli, Lucas Kankava, Deniz Dumanli
Kinofilm
Den pensjonerte læraren fru Lia (Arabuli) prøver å finna niesa Tekla, men ho er ikkje lenger i Batumi i Georgia – kan henda fordi det å vera trans ikkje er heilt enkelt her.
Naboguten Achi (Kankava) kan bidra med informasjon om at niesa no er i Istanbul, og tilbyr seg å vera med som tolk og omvisar. Her prøver også menneskerettsadvokaten Evrim (Dumanli) å hjelpa både seg sjølv og andre til å få leva i fred.
Ubrutal
«Tyrkisk og georgisk er grammatisk kjønnsnøytralt», står det på lerretet heilt i starten. Denne setninga er ein interessant påminnar om kor motsetningsfylt me menneske styrer på. Ein skil altså ikkje på mann og kvinne på papiret, men i røynda er det ikkje måte på kor stor skilnad det er.
Likevel – det er noko håpefullt over den introduksjonen. Og det er noko håpefullt med heile filmen i grunnen. Eg sit, som alltid med transtematikk i filmar, med hjartet i halsen og ventar det verste. Som om eg ikkje lit på det grunnleggjande gode i folk.
«Mzia Arabula gjer ein strålande jobb som fru Lia.»
Regissør og manusforfattar Levan Akin er svensk, og eg kjem i farten på to andre svenske filmar som må kunna kallast transhåpefulle: den folkelege Min pappa Marianne (2020) og den langt drygare og meir nervepirrande Noe må gå i stykker (2014). Spoiler-åtvaring: Eg hugsar eg pusta letta ut då det ikkje gjekk til helvete til slutt. Då har eg kanskje avslørt at heller ikkje En kvinne i Istanbul er av den brutale sorten.
Kjønn foreining
Eigentleg er En kvinne i Istanbul todelt – dei to historiene møtest ikkje før godt uti filmen. Samanflettinga er elegant og fin, framdrifta like så, og det blir brukt akkurat nok tid på å etablera hovudrollene, sånn at ein rekk å bli glad i dei utan at det dreg ut.
Fru Lia og Achi utgjer ein filmklassisk duo: den litt slampete, men godlynte småbyguten opp mot den strenge, men eigentleg varme historielæraren – ut på landevegen som ein ikkje-erotisk Harold and Maude (1971) eller ikkje-kriminell Bonnie and Clyde (1967).
Og som eit sterkt og tydeleg midtpunkt, både tematisk og manusmessig, står Evrim, med høgt heva hovud og glimt i auga. At ho stadig må nekta for at ho er prostituert, er nok ikkje uvanleg, all den tid transkvinner er overrepresenterte i denne statistikken i mangel på aksept i samfunnet og tilgang på vanlege jobbar. Det kunne ikkje vore tydelegare enn i En kvinne i Istanbul.
Arabula!
Regissør Akin er fødd og oppvaksen i Sverige, men foreldra er frå Georgia, som jo forklarar kvifor han har slik inngåande kjennskap til landet. Hans førre film, den finfine I morgen danser vi (2019), dreia seg også om skeiv kjærleik, noko som førte til opptøyar i det stadig meir familiekonservative Georgia.
I år er det allereie hundretusenvis av demonstrantar ute i gatene i Tbilisi, så kanskje mottakinga av En kvinne i Istanbul kan gå «fredelegare» for seg. Det er i alle fall ein film som mange vil ha godt av å sjå, filmen prøver ikkje å provosera, berre framstilla korleis mange lever og kva fordommar familiane til desse unaudsynt lever med.
Mzia Arabula gjer ein strålande jobb som fru Lia, ein kan nesten sjå filmen berre for å la auga kvila på fjeset hennar. Det er ein vemodig film, men som nemnt med ein sterk undertone av håp og ei kjensle av at det kanskje ordnar seg til slutt – i alle fall for enkelte.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Teikning: May Linn Clement
Til å verta kvalm av
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.