Film: Årsbeste frå Brit
Dokumentarfilmen om Rakel som skal ta over garden etter faren Terje i bygda Engan i Nordland, er ein av favorittfilmane til Brit Aksnes.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Det må seiast å vera særs gledeleg å ikkje måtta redusera norske filmar til trøysteplassane fordi det er så få nemnelege opp mot dei internasjonale. Eg kan med handa på mitt glade hjarte registrera at den harde nedskjeringa i toppsjiktet mitt førte til at halvparten av årets favorittar er merkte «Godt norsk».
Smak og ubehag
Men fyrst utanriks: Fyrste kinofilm på nyåret var Justine Triets Fritt fall, Gullpalme-vinnaren med Sandra Hüller i rolla som den tvilsame enkja i eit krimdrama med sjeldan finesse. Hüller har fått innpass med nok ein film, igjen i ei tvilsam rolle, men utvilsamt skuldig i brotsverk denne gongen. Lågmælte og frykteleg ubehagelege The Zone of Interest viser ei anna side av konsentrasjonsleirane, bokstaveleg talt. Sjølv om regissør Jonathan Glazer er britisk, kjennest det som ein tysk film.
Og uggen stemning kler tysk, slik som i det tre timar lange familiedramaet Sterben av Mathias Glasner. Det blir også årets unntak som stadfestar regelen min om at lange filmar bør skjerpa seg og bli kortare. Den nydelege oppfølgjarteiknefilmen Innsiden ut 2 klarar derimot godt å formidla bodskapen sin på ein time–halvannan, og den klarar å ivareta magien frå fyrstefilmen.
Les årsbeste frå filmmeldar Håkon Tveit her.
Siste utanlandske på lista står mellom body horror-filmen The Substance, det innsiktsfulle Syden-dramaet How to Have Sex, det tidsaktuelle Lærerværelset og den tullete, men overraskande vellaga undercoverkomedien Hit Man. For å skrapa ned til berre ti filmar på lista går eg for Hit Man av den gamle Slacker-ringreven Richard Linklater – fordi popkorn.
Haugerud x 3
Så tilbake til den mest norsktunge lista eg nokosinne har levert. Ein god grunn til dette er at Dag Johan Haugerud klinka til med heile tre filmar, alle omtala og elska her i avisa. Dermed endar Sex, Drømmer og Kjærlighet på lista, noko som jo utgjer 30 prosent. Om det er fortent? Aldeles.
Skal eg atter rangera desse tre, så vil eg seia at fyrsteplassen av desse går til Drømmer, Kjærlighet på andre og Sex på tredje. Dei kan sjåast uavhengig av kvarandre, men tematisk utspelar alle desse dramaa seg i ein vakker hovudstad med vanlege folk som har vanlege problem, men som filmatisk blir ganske usedvanleg.
Norsktoppen
Så til den kan henda, kan henda ikkje, overraskande norske kinosuksessen i år: Elskling! Før denne utgåva går i trykken, har 138.000 løyst norske kinobillettar for å sjå eit samtidsdrama om parterapi og samliv. Lat oss håpa verda står til påske. Langfilmdebuten til Lilja Ingolfsdottir er det ein likar å kalla ein kraftprestasjon, saman med fotograf og ektemann Øyvind Mamen og ikkje minst Helga Guren i rolla som Maria. Ho framstår både skikkeleg usympatisk og samtidig totalt gjenkjenneleg, som jo er ein spennande og uvanleg kombinasjon når det gjeld hovudpersonar.
Heilt til slutt i årets oppsummering landar eg på den rørande, morosame og tankevekkjande Sau av dokumentarist Rebekka Nystabakk. Måtte alt pinnekjøt i år ha hatt det like godt som sauene til Rakel.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.