Fest i berg-og-dal-banen
Eg ler heile Mjølkevegen og tilbake mens eg klør meg i hovudet og tenkjer at eg må ta turen om igjen snart for å få med meg alle detaljar.
Michelle Yeoh spelar kinesiske Evelyn som driv eit vaskeri saman med Waymond, spela av Ke Huy Quan.
Foto: Another World Entertainment
Science fiction / komedie
Regi: The Daniels (Daniel Kwan og Daniel Scheinert)
Everything Everywhere All At Once
Med: Michelle Yeoh, Ke Huy Quan, Stephanie Hsu, Jamie Lee Curtis
Kinofilm
Kinesiske Evelyn (Yeoh) og Waymond (Quan) driv eit vaskeri ein stad i USA, og slit litt med å skjøna seg på dragnaden dottera (Hsu) har mot Vesten, og på vestleg rekneskapsføring. Då dei skal inn på skattekontoret til eit avgjerande møte, kjem det fram at ingenting er som det skal vera, verken på papiret eller i galaksen.
Galen akse
Den tidlegare samarbeidsfilmen til regissørparet The Daniels, Swiss Army Man (2016), var så sprø og barnsleg og langt frå mine føretrekte jordnære samtidsdrama at det var med eit par klare fordommar eg sette meg i kinosalen for å sjå den nyaste affæren deira.
Eg kan vanskeleg skildra kva for berg-og-dal-bane-tur av ein film dette er utan å bruka flosklar som berg-og-dal-bane-tur. Her skjer så mykje, og ein blir kasta frå side til side og må halda seg godt fast i svingane. Eg fell av innimellom, men utan at det gjer så mykje – det er berre å klatra om bord igjen og nyta turen.
Filmar av ein sånn effektmessig kvalitet kjem sjeldan, anna enn frå Marvel-kontoret, der det blir pumpa ut oppfølgjarar og spin-offs raskare enn du klarar seia «nok-ein-halvhjarta-superhelt-film». Everything Everywhere All At Once verkar så hjartevarmande heilhjarta oppi galskapen, noko som tilfører ein ekstra dimensjon (tilsikta dobbelbotn), og som til liks med den før nemnde Swiss Army Man reddar filmane frå å klappa saman i finessar og kløktig klypp.
Raccacoonie!
Michelle Yeoh er formidabel i rolla som Evelyn, like formidabel som i den mest kjende rolla si i martial arts-suksessen Snikende tiger, skjult drage (2000). Ho meistrar både komedieformatet og sterk heltinne-formatet til fingerspissane. Eg må òg ta hatten av for Jamie Lee Curtis, som gjev alt som rekneskapsførar og galen skurk på same tid.
I det heile teke glitrar det frå skodespelar til skodespelar så det er ein fest. Heile Everything Everywhere All At Once er ein fest, om nokon skulle vera i tvil. Ikkje nødvendigvis ein fest med dei store, interessante samtalane, men med så mykje fart og moro at ein ser tilbake og tenkjer at ein har vore på ein av dei kulaste festane på lenge.
Sjå der, nok ein metafor – ein bør kanskje vera på vakt når det blir brukt mykje tivoli- og festsamanlikningar, men dette er så kjekt å sjå på at det får våga seg. Eg seier berre: raccacoonie!
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.