Film

Far Go’hjarta

Judd Apatow lèt nok ein gong håplause gutar vera håplause gutar.

Kelsey (Bel Powley) og Scott Carlin (Pete Davidson) i filmen regissert av Judd Apatow.
Kelsey (Bel Powley) og Scott Carlin (Pete Davidson) i filmen regissert av Judd Apatow.
Publisert

Smått håplause Scott (Davidson) er 24 år, bur heime med mor (Tomei), heng med dei snille, doprøykjande barndomskompisane sine og har ein draum om å starta ein tatoveringsrestaurant. Når mora blir i lag med Ray (Burr), får han det for seg at Ray iallfall ikkje skal ta plassen til faren, brannmannen som døydde på jobb då Scott var sju år gamal.

Streken

Han har laga mange søte filmar, regissør Judd Apatow. 40-Year-Old Virgin (2005) er nok min favoritt, men eg klarar ikkje fri meg frå ein irritasjon som går igjen i kvar einaste film: Gutar og jenter tilhøyrer kvart sitt univers, og dei skal aldri foreinast, utanom når dei har sex. Han har produsert TV-serien Girls (2012–2017)og Bridesmaids (2011), så det er ikkje det at eg mistenkjer han for å ikkje ha tru på damer, men filmane han regisserer, tek alltid plass i guteuniverset. Dei treng ikkje vera velståande, ikkje eingong tilhøyrande middelklassen, men kvite skal dei helst vera – eg reknar med at han berre skildrar det som er nærast erfaringane hans, det bør han ikkje straffast for, men den naivistiske stilen fritek han ikkje for å vera med på å halda oppe eit Hollywood der kvite menn held fram å regjera. Og visst er Scott sjarmerande hjelpelaus, men eg er lei av gutestrekar, så eg ler berre sånn passeleg.

Mor Surmaga

Det er ikkje det at eg mislikar The King of Staten Island tvers igjennom. Filmen har hjartet på rette staden og er det ein ting Judd Apatow er god på, så er det bromance. Han gjer sitt for at gutar skal bli menn som har lov å snakka om kjensler – iallfall inntil eit visst punkt. Ingen grunn til å bli heilt kjerring heller!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement