JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Famling i leikestova

Både ideen og filmen verkar berre halvvegs gjennomarbeidde, men manglar ikkje artige og snedige påfunn leverte av artige og snedige skodespelarar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein gjeng filmstudentar tek med seg tre arbeidsledige skodespelarar til eit motell i den norske fjellheimen for å lage zoombiefilm.

Foto: Johnny Vaet Nordskog / SF Studios

2399
20210312
2399
20210312

Skrekk/komedie

Regi: Henrik M.
Dahlsbakken

Prosjekt Z

Med: Eili Harboe, Arthur Berning, Iben Akerlie, Jonis Josef, Myra, Dennis Storhøi
Kinofilm

Ein gjeng filmstudentar reiser ut på bygda for å laga ein zombiefilm, men så skjer det skrekkelege ting med dei sjølve i staden. Eller gjer det eigentleg det?

Lastverk

Det er over tjue år sidan The Blairwitch Project (1999) skapte stor oppstandelse med amatøropptak sette saman til det som skulle førestilla ein ekte film av ungdommar som blir drepne i skogen. Det er vanskeleg å tenka seg Prosjekt Z som anna enn ei hyllest og kanskje eit forsøk på å gjenskapa denne, berre sjølvsagt med nok humor og ironi til å sleppa å ta eventuelle negative samanlikningar på alvor.

Eg er ikkje sikker på kor alvorleg Dahlsbakken har lyst å verta teken for den nyaste av mange produksjonar dei siste åra. Han har ei unik evne til å samla flust av kjende skodespelarar inn i idériket sitt og på eit eller anna vis kverna dei gjennom til ein ferdig film.

Eg er definitivt meir imponert over dette enn over filmar som Gledelig jul (2020) og Rett vest (2017). Det må vera irriterande å få påpeika denne enorme produktiviteten heile tida, men kanskje resultata hadde vorte jamt over betre om han ikkje hadde sånt hastverk med å få alt ut.

Kollektiv moro

Det kjekkaste med Prosjekt Z er kor leiken han er. Det er masse å le av, som tøysing med dialektbruk, referansar til andre filmar, det verkelege livet til skodespelarane, at Jan Vardøen blir nemnd. Det merkelegaste er at trass i raske sceneskift og mykje effektiv klipping består filmen av ei rekkje ganske kjedelege parti som dreg ned tempoet, parti som innlysande er meininga skal vera anten morosame (Storhøi som spelar inn selftape) eller skumle (Akerlie som går inn i eit nedlagt motell og møter zombiar for fyrste gong).

Summen av alt, og hoppinga mellom «ekte» og filming, blir eigentleg ikkje så forvirrande, men det blir heller ikkje særleg fengande, og på ingen måte skummelt, om det på noko tidspunkt var meininga.

Det må ha vore moro å spela inn Prosjekt Z, men resultatet blir også parodisk nærliggande å samanlikna med ein svært vellaga studentfilm.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid. 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis