Film
Eros, logos, patos
Dei store problema lèt seg ikkje alltid løysa med sunt bondevit.
Kris (Jette Søndergaard) blir buande saman med ein onkel etter at foreldra hennar døyr.Kris (Jette Søndergaard) blir buande saman med ein onkel etter at foreldra hennar døyr.
Foto: Per ArnesenFoto: Per Arnesen
Drama
Etter at foreldra døydde, har Kris (Søndergaard) budd saman med og drive garden til onkelen (Tygesen). Dyrlegen (Caspersen) ser potensial i den oppegåande unge dama og oppmuntrar henne til å ta nokre moderne, sjølvstendige steg ut i verda, noko ho finn særs vanskeleg. Og det vert ikkje betre når potensiell kjærleik i form av nabobonden Mike (Petersen) dukkar opp.
Eksistensen
Korleis skal eg klara å formidla kor bra denne filmen er, og samstundes bruka orda «stillferdig, smålåten og lada»? Omtrent all handlinga føregår dialoglaust i eit fjøs (eller ein flor, som eg ville sagt), og den inngåande filminga av husdyrstellet (eller stiinga, som far min ville sagt) eller bordseta (eller nons, som besten ville sagt) fungerer om du er noko mindful eller har vakse opp på ein gard med kyr.
Om Onkel meiner å vera eit bidrag til den pågåande landsbruksdebatten om ein skal driva berekraftig og vera sjølvforsynt, er tvilsamt, men det gjer han ikkje mindre aktuell av den grunn. Å ta over garden berre fordi ein er fødd inn i ein bondefamilie, er meir og meir fjernt. Men kven skal driva desse halvstore, halvmoderne gardane til slutt? Kven skal driva jorda, rett og slett? Med dette aspektet i bakhovudet vert filmen nærast eksistensiell på ein ny og uventa måte.
Bonderomantisk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.