Elvis lever
Sjølvsagt måtte den store Elvis-filmen bli grenselaust prangande, dramatisk og kabaretaktig med regissør Baz Luhrmann bak kameraet.
Austin Butler i hovudrolla som Elvis. Tom Hanks spelar den manipulerande bondefangaren oberst Tom Parker.
Foto: Warner Bros. Picture / SF Studios
Biografisk drama
Regi: Baz Luhrmann
Elvis
Med: Austin Butler, Tom Hanks, Olivia DeJonge
Kinofilm
Elvis Aaron Presley (1935–1977) slo dundrande gjennom som ung mann i eit rasesegregert Memphis og avslutta på tristaste vis, men likevel framleis som ei stor stjerne, i juglglitrande Las Vegas.
Går det an å laga ein oppsummerande film om ein av dei største artistane i verdshistoria?
Lur mann
Som det nok går fram av spaltene mine i ny og ne, er Baz Luhrmann ein regissør eg har sett enormt stor pris på, med favorittar som Strictly Ballroom (1992) og Moulin Rouge (2001). Andre høgdepunkt i rekka hans er Romeo og Julie (1996), som vitnar om ein regissør som ikkje er redd for å bruka glitter, paljettar, ville overgangar og totalt urealistiske, vakre tablå.
Han elskar ei god historie, enkel og full av kjærleik, venskap, rikdom, svik og død. Så kven kunne høva meir til å ta for seg sjølvaste Elvis? Det same tenkte eg jo i forkant av The Great Gatsby (2013), noko som blei ein skikkeleg nedtur, trass i at Leonardo DiCaprio gjorde ei strålande rolletolking.
På same måte som eg elska Bohemian Rhapsody fordi eg såg opp til Freddie Mercury som ungdom, så er eg nok ugild også her, sidan eg har vore Elvis-fan frå det eg kan hugsa. Og når Elvis (Austin Butler) entrar scena på the Louisiana Hayride, er oppbygginga så perfekt at håra reiser seg på heile meg og eg får lyst å hyyyyla ekstatisk mot lerretet.
50 Million Fans…
Det er mange særs gode scener i Elvis. Baz Lurhmann får verkeleg fram kva for ei gigantstjerne me snakkar om. Eg klarar på eit vis å venja meg til Tom Hanks i rolla som den manipulerande bondefangaren oberst Tom Parker, ein usedvanleg usympatisk karakter.
Hanks i fatsuit er jo ein elendig idé, og eg skjønar ikkje kvifor dei ville ha ein så profilert skodespelar i denne rolla, anna enn at det vil gje meir publisitet. Og det må seiast: relativt ukjende Austin Butler i hovudrolla strålar! Visst er han aldeles for pen, men det var jaggu Elvis sjølv også. Det å få fram kva for ein fortvilt, stormannsgalen og samstundes nærast likesæl artist Elvis kunne vera, er godt gjort å formidla.
Visst varar filmen altfor lenge, men det er vanskeleg å sjå korleis han kunne vore korta ned – det er trass alt hoppa over enorme periodar av livet som det er. Om eg så konkluderer med at det er ein film for fansen, så vil det uansett seia fulle kinosalar om alle desse kjenner si besøkstid. Og det bør dei.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Og det må seiast: relativt ukjende Austin Butler i hovudrolla strålar.
Fleire artiklar
Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.
Foto: Prime Video
Moro for middelklassen
Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.