Eksplosjonar i hovudet
Ein har ikkje vondt av å utfordra tankemønstera sine, særleg ikkje når det er underhaldande i tillegg.
Når Billy (Vic Carmen Sonne) og Nilo (Silvana Imam) møtest, blir det kjærleik ved første blikk.
Foto: Norsk Film Distribusjon
Drama
Regi: Yen
Eksplosjoner i hjertet
Med: Vic Carmen Sonne, Silvana Imam
Kinofilm
Danske Billy (Sonne) jobbar og heng med dei kule venene i bufellesskap i Oslo. Dei tek dop og ligg rundt, men når ho treffer Nilo (Imam) på ein rave-fest, får ho trua på at den eine rette kanskje finst.
For Nilo, derimot, finst det mange, så Billy må utfordra synet sitt på kva eit fast forhold er. Må det eigentleg vera så fast når det kjem til stykket?
Mang slags kjærleik
«Det finst åtte typar kjærleik», er dei fyrste orda som blir sagde i filmen. Det er Billy som reflekterer, både som frampeik og som tilbakeblikk, viser det seg. Ho og Nilo får fort eit spesielt band, og det ser idyllisk ut der dei svingar rundt om i eit sommarvarmt Oslo med og utan is i hand, eller avslappa slengde på ei uoppreidd seng medan Nilo røyker ut vindauga og Billy kjærleg stryk henne over huda.
«Skodespelarane er knallsolide, regien og manuset stramme, utan å kjennast førande.»
Brit Aksnes, filmmeldar
Intimiteten er ikkje til å ta feil av, det er gryande kjærleik på gang – kva for ein av dei åtte typane kjærleik? Om det var opp til Billy: den varige sorten. Når då Nilo fortel om dei ulike forholda sine, er det ikkje til å stussa over at kjenslene rasar over Billy. Kva er problemet med fleire partnarar? Vel, ein god start er å fortelja at dei er fleire. Neste steg må nesten bli å etablera kva typar kjærleik ein kan leva med – saman. Det skal visa seg å bli ei kaotisk øving.
Drivande
Kortfilmen med same namn frå 2016 har eg ikkje sett, men den ser ikkje ut til å ha samanfallande plot, så eg må seia eg er litt forvirra over kvifor regissør Yen (eller Yen Lee eller Yenni Lee, ho er kreditert med ulike namn) har valt å bruka same tittel på spelefilmdebuten sin.
Kanskje det er noko eg ikkje har forstått? Slik føler eg meg for så vidt gjennom heile filmen, men definitivt med positivt forteikn. Eg blir genuint engasjert i relasjonane dei begge prøver å ha, til kvarandre, men også til partnarar, elskarar, tilfeldige ligg, vener og sambuarar. Det er ei anna verd, ikkje berre fordi polyamori og flytande kjønn ikkje er store bestanddelar i mi eiga verd. Det ekstremt liberale forholdet til dop av ymse art er minst like framandt for meg, i tillegg til språket som er bada i engelsk og slangord i så stor grad at eg føler meg som ein heldig observatør.
Skodespelarane er knallsolide, regien og manuset stramme, utan å kjennast førande. Menstruasjonsbollar kjem sannsynlegvis aldri til å finnast i diskane på Godt Brød, men eg håpar publikum finn vegen til kinoane som viser Eksplosjoner i hjertet.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nicolai Heiberg-Evenstad og Markus Lund er yngre enn fedrane sine, men likevel gode.
Foto: Norsk bridgeforbund
«Bridge er så vanedannande og tidkrevjande at det kan gå på kostnad av både studium, arbeid, kjærleiksliv, eigne born, barneborn og liknande.»
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement