Eit skjerma liv
Dag og Tid kjempar vidare mot keisemda, men minner om at det kan vera lurt å ta nokre avbrekk frå gloinga. Du har vel ikkje gløymt at du kan få firkanta auge av å sjå for mykje på TV?
Cher og gjengen i filmen frå 1995.
Før du avtalar tidspunkt for filmfest: Hugs at alle tekniske nyvinningar medfører uendelege irritasjonar og mykje tid før fruktene kan haustast. Og så er ikkje Netflix Party-funksjonen noko anna enn ei utviding (extension) som tillèt at fleire deler skjerm, men det er svært mykje betre enn å prøva å trykka på play samstundes og få synkronisert lyd som i tillegg skal gå via FaceTime.
Det fine med at ungar vert større, er mellom anna at dei endeleg er opne for å sjå filmar frå gamle dagar, i dette tilfellet Clueless, spela inn i steinalderen (1995). Men om du ikkje har sett han sidan: Han held seg uoverraskande bra! Cher og venene hennar oppfører seg så ut av tida med sine veslevaksne talemåtar og klesvegar at dei toler tidsreisa. Blandinga av humor og overflatisk rikmannsproblematikk passar uendeleg godt akkurat no.
Youplay
Tomm Kristiansen hadde eit interessant program på NRK her om dagen: Det omhandla dei store boksamlingane i Mali som Al-Quaida ville brenna. Tusenvis av eldgamle skrifter låg gøymde i perfekt tempererte rom i byen Timbuktu. Berre eit par år seinare kom Abderrahmane Sissako ut med den vilt vakre filmen oppkalla etter og spelt inn i same by. Timbuktu (2014) er ein av desse filmane som opna verda for sjåaren, som gjer at ein kan kjenna urettferda under huda på ein måte som kan få hjarta til å bresta. Så kor kunne eg få sjå denne om att? Jau, det viser seg at ein kan leiga filmar på YouTube! 39 kroner, berre, men det viste seg at då var han uteksta, utan nokon måte å fiksa det på i sjølve YouTube. Men så dukka han opp i Google Play, der ein kunne velje tekst. Visst er Timbuktu vakker i seg sjølv, men å tolka lokale språk og arabisk om ein annan krev teksting. Om du lurte.
NRK Fever
Gode, gamle NRK stiller med gode tekniske løysningar og gode tekniske dansarar: Historien om Saturday Night Fever er både nerdete, morosam og fiffig klipt, med intervjusnuttar med skodespelarane så vel som lokale Brooklyn-innbyggarar, det heile leia av ein av tidlegare discodansar med sterk italiensk aksent som gjev eit nesten absurd preg til heile dokumentaren. Etter at du har sett han, er det berre å smella i gang Bee Gees-lydsporet og få fart i sofamusklane.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mina Hadjian saman med Rune.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Von for verstingar
Dokumentaren til Kari Anne Moe er ei kjærleikserklæring til Mina Hadjian og fengselsfuglar.
Rapartist og skodespelar Benedicte Izabell Ekeland imponerer i monologen om Cassandra.
Foto: Stig Håvard Dirdal / Rogaland Teater
Ordflaum om meininga med livet
Måten rapartist Benedicte Izabell Ekeland framfører ein lang monolog på ei naken teaterscene på, er imponerande. Men kva snakkar ho om i nesten ein time?
L’arpa festante blei grunnlagt i München i 1983.
Foto: Günter Ludwig
Frankofil elan
L’arpa festante spelar best der det går fort.