Eit rekneark av ein film
Vi gjev lukkelegvis ikkje terningkast i Dag og Tid. Eg hadde fått dårleg samvit om eg måtte ha gjeve denne filmen eit heilt siffer.
Her er to av dei nye som ikkje nokon kjem på namnet til. Det er noko med Ray og Ren.
Foto: The Walt Disney Company Nordic
Action / Eventyr / Fantasy
Regi: J.J. Abrams
The Rise of Skywalder
Med: Harrison Ford, Carrie Fisher
Tidleg i The Rise of Skywalker, som Disney har lova skal vera den aller siste i serien, hamnar alle heltane i ei slags hengemyr. Dei forsvinn frå overflata. Det gjekk ikkje nett eit gisp gjennom publikum. Son min, som sat ved sida av meg på premieren, spurde om det var noko meir snop att. Eg for min del tenkte likevel: «Gode gud, måtte dei aldri dukka opp igjen.»
Men like sikkert som at denne filmen ikkje vert den siste, dukka dei sjølvsagt opp att. Alt dukkar opp att, heile tida. 45 år med filmhistorie, igjen og igjen. Om nokre år kjem regissøren J.J. Abrams til å skriva sjølvbiografien sin. Der vil han fortelja om korleis leiinga i Disney totalt øydela The Rise of Skywalker.
Vi visste frå før at Disney ikkje liker tragediar. Men er du daud, ja, så er du daud. Men ikkje her. Ikkje nok med at skodespelarar som alt er daude i røynda, er med, det er jammen òg alle «heltane» som har vore med før. Det finst ikkje nokon siste jedi, heller ikkje ein nest siste eller nest, nest, nest siste. Denne gongen driv dei daude heller ikkje lenger med oppmuntring, dei grip aktiv inn i handlinga gjennom fysiske handlingar. «Kvar kom det gamle romskipet frå?» Eit hologram lyfta det opp frå havet. Salt bit ikkje på metall i Disneys versjon.
Rein reprise
Alle elementa frå dei tidlegare filmane er med, absolutt alle. Til og med høgdeskrekkscenene er tru kopiar av tidlegare høgdeskrekkscener. Trudde du at keisaren var død? Tru om att, denne gongen har han til og med øksla seg. Her er plettfri fræving (slå opp ordet!) og oppstode i ei slik grad at Den heilage anden må kjenna seg som den glade amatør, då sett vekk frå at han neppe hadde drive på med så omfemnande incest med jediblod.
Eg gjekk faktisk til filmen med ei viss forventning. Den førre, The Last Jedi – ja, han heitte sjølvsagt det – var slett ikkje så galen. Han var både mørk og litt morosam. Denne er med lyskastarar og heilt utan humor. Disneys Snøkvit er svart og kynisk gladvaldeleg i samanlikning. Det går til og med an å tenkja seg at Snøkvit har seg med ein eller to av dvergane. Ja, det vart laga ein uoffisiell teiknefilm om Snøkvit. Om The Rise of Skywalker fører til syndige tankar hjå ein eller fleire, bør dei straks setjast i forvaring.
Rekneark
Det som sjølvsagt har skjedd, er at leiinga har sete med rekneark og puls- og blodtrykksmålar og late folk sjå dei gamle filmane. Kvar gong ei scene har ført til respons, har det vorte plotta inn. Til slutt har dei sett saman alle kryssa til ein film. Om Walt Disney sjølv skulle ha laga ein film om den noverande leiinga i konsernet, hadde dei vorte teikna med auge som dollarteikn og tunger som kassaapparat. Måtte keisar Palaptine taka dei og kalkunen setja seg fast i alle kroppsopningar.
Då eg kom heim att, sjekka eg aksjekursen til Disney. Han hadde ramla rett ned etter premieren. Då lo eg. For fyrste gong på tre timar.
Jon Hustad
Jon Hustad er journalist i
Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Erlend Viken har med seg Marius Graff (t.v.) og Sondre Meisfjord i trioen.
Pressefoto
Urban Viken
Erlend Viken Trio med gjester byr på kreativitet.
Carl Reinecke (1824–1910) var Edvard Griegs lærar i Leipzig.
Nordisk tone
Carl Reineckes symfoni Håkon Jarl har kraftfull patos.
Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.
Foto: Marcel Leliënhof
Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten
Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.