Film
Eit historisk lærestykke
Diplomatisk spel og innsats frå innsida slik vi knapt har sett det før.
Ehud Barak, Bill Clinton og Yasir Arafat i spissen for ein delegasjon. Foto frå filmen
Vil du skjøne kvifor det aldri blir fred i Midtausten? Sjå denne filmen, og du vil oppdage nokre av dei mange snublesteinane og korleis små detaljar kan velte ein heil fredsprosess. The Human Factor syner kor viktig den menneskelege faktoren er i fredsforhandlingane – i tillegg til og som ein del av det politiske spelet.
Den israelske regissøren Dror Moreh har intervjua seks amerikanske diplomatar som har vore heilt sentrale i fredsforhandlingane frå kring 1990 og fram til det mislukka Camp David-toppmøtet sommaren 2000. Ved hjelp av eit rikhaldig autentisk foto- og filmmateriale har Moreh gjort historiene, vurderingane og kommentarane deira til ein uhyre fascinerande historieleksjon, der også andre viktige hendingar i samtida får spele med og bidra til å syne eit større bilete.
Framfor alt er dette historia om akkurat det tittelen seier: menneske med politisk makt, forhandlarar med ordets makt og sterk fingerspisskjensle. I botnen ligg kunnskap, psykologisk innsikt og medmenneskeleg forståing, som skal hindre statsleiarane i å trakke i salaten.
Filmens avgrensing er at han nesten berre syner den amerikanske sida av historia. Rett nok var dei meklarar og mellommenn, ikkje direkte part i konflikten, men det betyr ikkje at dei var frie for fordommar. Sett frå israelsk – og framfor alt palestinsk – side ville det blitt ein heilt annan film. Inntrykket av at palestinarane og leiaren deira, Yasir Arafat, ikkje blei tekne heilt alvorleg eller gitt den respekten dei hadde krav på, skin ofte gjennom.
Og elles er filmen nok eit bilete på USA som dei som veit best – også der dei ikkje veit nok.
Når det er sagt, er denne filmen likevel eit lærestykke i diplomati, diplomatisk filigransarbeid og kor avgjerande gjensidig tillit er. Diplomatiet er kunsten å setje seg inn i motpartens situasjon, skjøne korleis han tenkjer, og forstå kva for vegar han er villig til å gå for å oppnå det han vil, og, aller viktigast, kva han kan vere villig til å ofre for å nå det overordna målet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.