JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Eit år med film- og TV-seriar

Stengde kinoar, utsette premierar, reprisar av gamle filmar – filmåret må seiast å ha vore både rart og trist, men slett ikkje utan høgdepunkt. Det er filmmeldarane i Dag og Tid som vanleg langt frå einige om, med eit par unntak.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filmen som er basert på Marthe Michelets bok om deportasjonen av norske jødar i andre verdskrigen, har kinopremiere 1. juledag.

Foto: Fantefilm

7133
20201224
7133
20201224

Lytt til artikkelen:

Årsbeste frå Brit

Sjølv om det for det meste er dei lettbeinte, tungkommersielle titlane frå Hollywood som har vorte utsette, har det også skalert ned talet på mellomsjiktfilmane som gjerne er dei som hamnar på kritikarlistene. Dette resulterer for min del i at eg sit att med kjensla av eit litt halvvegs filmår.

På TV

Det er bra eg kan spe på med nokre TV-seriar, for dei har det vore eit par skikkeleg nemneverdige av. Den som har gjort mest inntrykk på meg, er I know this much is true (regi: Derek Cianfrance) med Mark Ruffalo i rollene som tvillingbrør. Mystisk fortid, rotete kjærleiksliv og 90-talsestetikk var slik eg oppsummerte det i Sjå på nett no-spalta.

Tilsvarande sterkt inntrykk gjorde I May Destroy You (regi: Michaela Coel), som eg nok eingong omtalte i nemnde spalte: «Går det an å laga ein serie om ei ung dame som vert dopa ned og valdteken på fest, utan å vera deprimerande, overmoralsk og døll? Ja!» Michaela Coel er genial.

Det gler meg å seia at den tredje serien som gjorde størst inntrykk på meg, var norske 22. juli. Serieskaparar Pål Sletaune og Sara Johnsen klarte å få fram den vonde dagen på ein heilt annleis måte, sett gjennom auga til dei som vart vitne på ulike vis, og med høg dramatisk underhaldningsverdi.

Topp tre på kino

To filmar skilde seg lett ut for min del då eg gjekk gjennom dei kring 70 kinofilmane eg fekk sett. Franske Oss to (regi: Filippo Meneghetti) (opp)rørte meg med si elegante framstilling av kva to eldre damer som har skjult forholdet sitt for familien, gjer når den eine vert pleietrengande. «Ein viktig film», tenkte eg då – og no. I danske Onkel (regi: Frelle Petersen) må Kris ta stilling til om ho kan driva garden saman med den gamle onkelen, når ei heil verd der ute kanskje lokkar meir.

Tilfeldigvis er eldreomsorg forsyne meg tema for den tredje filmen på favorittlista mi, kinesiske The Farewell (regi: Lulu Wang). Familien er splitta i alle delar av verda, men vender tilbake for å skjula for bestemor at ho har kreft og skal døy. Denne komedien (!) er både sår og interessant og seier mykje om globalisering. Usj, dette høyrdest kjedeleg ut. Eg lovar at filmen er morosam!

Føl noko

Lista over ikkje-morosame filmar er ofte lengst, og på toppen av mi ligg De elendige (regi: Ladj Ly). Opprør i forstads-Paris er omtrent så lite hyggeleg som det kan bli, men måten dette vert skildra her, slår deg rett i magen. Ein annan feelbad-film av det solide slaget, er Waves (regi: Trey Edward Shults), ein slags krim med psykologiske dilemma ståande i kø. Bombshell (regi: Jay Roach) omhandlar korleis Fox News takla metookrisa, og med Charlize Theron, Nicole Kidman og Margot Robbie i hovudrollene, blir dette særdeles sjåverdig. Og når du fyrst skal kritisera fæle menn, så gjer Jojo Rabitt (regi: Taika Waititi) narr av Hitler på utmerkt og festleg vis.

Norsk

Det norske filmåret har vore ganske underveldande når eg ser over kva som er meldt og sett frå mi side. Det betyr ikkje at Knutsen & Ludvigsen 2 (regi: Rune Spaans og Gunhild Enger) hadde kome dårlegare ut om det hadde vore fleire om beinet. Dei har rett og slett laga ein super oppfølgjar som eg koste meg glugg med! Etter all viraken rundt NRK-satsinga Atlantic Crossing, som eg sjølv kritiserte like hardt som dei fleste utanom NRK sjølv og regissøren, var det godt å få eit solid krigsdrama av det mindre helteaktige slaget med Den største forbrytelsen (regi: Eirik Svensson). Det var eit verdig, norsk punktum på det rare filmåret 2020.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Årsbeste frå Håkon

Sjølv i år har vi vore privilegerte og hatt sjansen til å sjå ei mengd flotte filmar på kino.

Krig

Mange av dei beste filmane i år har handla om krig. Overveldande Monos av Alejandro Landes skildrar ei geriljagruppe i Colombia. Den einaste latinamerikanske filmen på kino i år har majestetisk foto, formidabel musikk og spenstig produksjonsdesign. Historia er smertefullt aktuell. I det ukrainske meisterverket Atlantis av Valentín Vasyanovitsj er kvart bilete eit kunstverk. Ei rekke mektig samansette tablå skildrar effekten av krig i eit framtidig Ukraina. Fantastisk fotografi pregar òg The Painted Bird av Václav Marhoul, som følger ein gut rundt i eit krigsherja Europa på førtitalet. Når tre timar med tristesse på interslavisk i svartkvit kjem på kino, er det på grunn av det kunstnariske nivået, ikkje for å selje popkorn.

Meir publikumsvennleg var nydelege Papicha av Mounia Meddour frå Algerie. Verdikamp under borgarkrigen på nittitalet er formidla med uhemma dosar sjarm og energi i flott visuell stil. Den råaste krigsskildringa var den syriske dokumentarfilmen For Sama av Waad al-Kateab og Edward Watts. Al-Kateab dokumenterte livet sitt på eit sjukehus i bomberegnet i Aleppo. Eg hulka og gispa.

Fred

Ein annan ufatteleg dokumentarfilm var Welcome to Chechnya av David France. Pax Putin gjev null nåde til homofile i Tsjetsjenia. Nyskapande teknikk for å gjere andlet anonyme hjelper den sjokkerande historia om jakt og drap på skeive. Viktigare blir ikkje dokumentarfilm. Ein finn nokre dokumentariske trekk i den franske spelefilmen De elendige av Ladj Ly. Med ein spanande, stilsikker, smart og nyansert film får vi eit underhaldande innblikk i spelet mellom politi og folk flest i forstaden regissøren voks opp i. Den mest velsmurde underhaldingsfilmen var tvillaust den populære prisgrossisten Parasitt av Bong Joon-ho.

Prisar fekk òg den umåteleg godt spelte, filma og fortalde fyllekula Et glass til av danske Thomas Vinterberg. Han lyt dele plassen med fredsæle Onkel av landsmannen René Frelle Petersen, som gav eit originalt, morosamt og rørande blikk på gardsdrift. Heiderleg omtale til Sverige òg for å halde liv i geniale Roy Andersson i Det uendelige.

Den første kinoturen etter at landet stengde i vår, varma enormt. Då fekk eg reise frå USA til Kina gjennom ein film om generasjonar og tradisjonar. The Farewell av Lulu Wang var ei vakkert og tankevekkjande oppleving eg er glad eg fekk dele i fellesskap, i kinosalen.

Heime

Her i landet var det kjekt å høyre kaklande barn kose seg på kino med friskt fantasifulle Knutsen og Ludvigsen 2 av Gunhild Enger og Rune Spaans. Regjerande meister Dag Johan Haugerud laga eit tindrande lite ljos med Lyset fra sjokoladefabrikken.

Storfilmen Den største forbrytelsen av Eirik Svensson er viktig og vellukka. Den snedig regisserte dokumentarfilmen Kunstneren og tyven av Benjamin Ree imponerte langt utover landegrensene. Den sterkaste forteljinga om heimlandet var tvillaust fjernsynsserien 22. juli av Sara Johnsen.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når tre timar med tristesse kjem på kino, er det på grunn av det kunstnariske nivået, ikkje for å selje popkorn.

Håkon Tveit om The Painted Bird

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis