Film
Ein effektiv fordomsknusar
Det verste med Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) er at ikkje fleire av filmane kjem på norsk kino eller TV. Folkeopplysning og god filmkunst treng vi meir enn nokosinne.
Den argentinske regissøren Juan Solanas har lage film om motstanden mot dei strenge abortlovene i landet.
Foto frå filmen
150 langfilmar, om lag like mykje dokumentar og fiksjon, 40 norske og utanlandske kortfilmar, 550 framsyningar og 70.000 publikummarar, av desse over 30.000 skuleborn. BIFF er ikkje berre landets største i sitt slag, han er òg den viktigaste. Festivalen syner kor farleg og merkeleg, men også kor vakker verda kan vere. Her er det kunnskap og innsikt å hente, nok til å innsjå at verda ikkje alltid er slik vi trur ho er. På BIFF står fordommar for fall.
Eit godt døme er den amerikanske dokumentaren Hail Satan? (regi: Penny Lane). Det vesle eg trudde eg visste om satanisme og satanistar blir heilt snudd på hovudet i møte med The Satanic Temple. For både denne og andre sataniske organisasjonar i USA er viktige pådrivarar for ytrings- og religionsfridom og slåst særleg mot religiøst hykleri og sneversyn, slik det især kjem til uttrykk i mange kristenkonservative miljø.
Desse folka trur ikkje på ein verkeleg satan, men ser han som metafor for opprør mot tyranniet. Kvinnefrigjering, likestilling, fri abort, religiøs pluralisme og sosial og økonomisk rettvise er blant kampsakene deira. Slik eg tolkar denne opplysande filmen, er dei meir ei protestrørsle enn eit trussamfunn. Dette kunne vi trenge her i landet òg.
Portrettet av antikvalfangstpioneren Paul Watson, slik Lesley Chilcott teiknar det i dokumentaren Watson, er heller ikkje som vi plar sjå det i Noreg. Men etter 110 minutt står det klart for meg at Paul Watson ikkje berre er ein mann med ei uvanleg sterk overtyding, han er også fullt ut i stand til å argumentere for henne – og med fare for eige (og andres) liv ta konsekvensane av synet sitt. At framtida er på hans side, er det ingen grunn til å tvile på.
Menneskerettar
I samarbeid med Rafto-stiftinga syner BIFF filmar som dokumenterer stoda for menneskerettane kringom i verda. Det er temmeleg nedslåande. Ta Argentina, til dømes, der kvinner som søker abort, blir trakasserte på det verste av helsevesenet. Dødsraten for dei som vel illegal abort, er skremmande, men ei dogmatisk kyrkje og konservative politikarar nektar å opne for fri abort, trass i kunnskap om dei groteske utslaga lova gir i dag. Juan Solanas står bak filmen Que Sea Ley (Let It Be Law).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.