Effektiv, klaustrofobisk spenning
Breaking Surface er ikkje krutet oppfunne på nytt, men det er bra knall i sakene.
Spenningsdrama
Regi: Joachim Hedén
Breaking Surface
Med: Moa Gammel Ginsburg,
Madeleine Martin, Trine Wiggen
Kinofilm
Forholdet mellom halvsystrene Ida (Ginsburg) og Tuva (Martin) har vore anstrengt heilt sidan barndomen. Ida slit med småbarnslivet, medan yrkesdykkar Tuva lever ut barndomsinteressa dei begge delte. Når dei møtest igjen hjå mora (Wiggen) i Lofoten ei vinterhelg, er det for å ta ein dykketur som i gamle dagar.
Low-tech
Det gjer meg alltid glad når eg får fordommane mine gjort til skamme. Dei fyrst ti minuttane av Breaking Surface tenkjer eg «ja, ja, dette er jo lett å skjøna korleis kjem til å gå». Og for å røpa det alt i starten: Det skjønte eg altså ikkje. Når det er sagt må ein dykkefilm nødvendigvis innehalda ein del felles element, så sjølve plottet er som ein kan forventa: Éin av dei kjem i trøbbel, og den andre lyt ta den knappe tida i bruk før lufta tek slutt. Likevel kjennest det originalt. Kanskje fordi hovudpersonane er kvinner, kanskje fordi handlinga er så enkel, kanskje fordi ein dykkefilm ikkje treng vera high-tech for å vera spennande? Eg skriv dette i fare for at lesarar med forkjærleik for macho actionfilmar tenkjer dette må vera ein puslete, feminin film. Det stemmer nemleg på ingen måte. Djupvassdykking i minusgrader i rasfarlege, nordnorske fjordar er ikkje for puslingar uansett kjønn.
Funkar
Eg kjenner djup frustrasjon over at krisene ikkje løyser seg på enklare vis. Få no opp den gassbehaldaren, då! Sei at bikkja skal halda kjeft, då! Å, men den bikkja er utruleg fin. Og samspelet mellom dei to systrene det same. Eg får lyst å vita meir om dei, utan at eg føler eg burde ha meir informasjon for handlinga sin del. Tvert imot er det økonomisk og kløktig bruk av tida, ikkje mykje dilling og føleri, og samstundes godt nok innblikk til å oppfatta dynamikken i familieforholdet. Og så gjer det seg med spisse fjell mot snø, stein og mørk fjord, reint filmatisk. Breaking Surface er kan hende berre ein spenningsfilm, utan noko større samfunnskritisk oppdrag, men av og til skal ein berre gå på kino for å kjenna klaustrofobisveitten breia seg og halda seg fast i armlenet eller den i stolen ved sida av. Sånn sett fungerer filmen akkurat som han skal.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Frå omslaget til ein utypisk roman om mellom anna sjakk.
Sjakknerden er litt av ein type. Men særleg i litteraturen vert det lite sex.
Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Foto: Frank May / NTB
Solkraftproduksjon: «Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass.»
Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar. Ho har tidlegare skrive to romanar.
Foto: Maria Olivia Rivedal
Ane Barmen skriv med snert og humor og ein bit alvor om sånt som skjer seg.
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.