JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Dr. French og Mr. Moland

At Joshua French verkar så til dei grader truverdig, gjer Mordene i Kongo til ein særs lite truverdig film.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Moland (Tobias Santelmann) og French (Aksel Hennie) på veg til retten.

Foto: Friland Produksjon / Nordisk Film Distribusjon

2709
20181026
2709
20181026

Drama

Regi: Marius Holst

Mordene i Kongo

Med: Aksel Hennie, Tobias Santelmann, Ine Jansen

Kva skjedde eigentleg i Kongo med Joshua French og Tjostolv Moland? Ein av dei mest kjende mediesakene i Noreg har vorte gjord om til spelefilm. Det vil seia at det som finst av fakta, er sett inn i eit dramatisk plott der kva som eigentleg eigentleg skjedde, framleis er like uklart. Sjansen for at folk går og ser denne filmen, er svært stor. Og i den grad det blir kalla «basert på ei sann historie», gjer filmen krav på å bli teken som i det minste éi av sanningane. Då pliktar dei å søka balanse, og akkurat det er nesten fråverande i Mordene i Kongo.

Stakkars Joshua

Tenk, så har det kome ein film om Kongo der alle dei mørkhuda skodespelarane blir framstilte som enten slitsame lukkejegerar, slemme menn med gevær eller korrupte advokatar og dommarar. Det skal ikkje dermed seiast at alt er vel i Den demokratiske republikken Kongo, langt derifrå, men det bidreg kraftig til å vippa sympatien over på heltane våre – og ja, dei blir faktisk framstilte omtrent som heltar. Det er knapt nemnt noko om bakgrunn, oppvekst og kvifor dei har denne enorme lysta til å vera leigesoldatar. Aksel Hennie legg ansiktet sitt i dei mest innstuderte, bekymra faldane for å visa kor lite Joshua French eigentleg rår med det som skjer. Og kva er greia med å gje Joshua rolla som det primitive fengselets Mor Teresa? Tobias Santelmann har fått jobben med å tolka Tjostolv, ein karakter som tydeleg skal få skulda for alt som skjer. Stakkars, stakkars, stakkars Joshua som stadig er så uheldig – alt han ville, var jo å reisa ut på nye eventyr.

Factionfilm

Det er også noko med dialogen som ergrar meg – dei er så velformulerte og sjølvsikre heile vegen. Igjen, det er slik heltar snakkar. Dei me ikkje heiar på, skal stotra og vera i tvil – og der har du jammen meg dei utsende nordmennene og kvinnene frå Utanriksdepartementet i eit nøtteskal. Den oppdikta UD-utsende Ane Strøm Olsen (Jansen) bidreg med dei få glimta av at Joshua kanskje ikkje er heil ved likevel, men alt i alt står staten Noreg fram som ryggradslaus og paragrafryttarsk til det latterlege. Men kven vil sjå ein actionfilm om diplomati og juridiske labyrintar når ein kan sjå to sjølvutnemnde soldathelgenar kjempa mot ugga-bugga-menn i Aaaafrika. Å kalla Mordene i Kongo spekulativ er milde ordelag. At spekulasjonane går føre seg i godt over to timar, talar heller ikkje til filmens fordel.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å kalla Mordene i Kongo spekulativ er milde ordelag.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis