Det var ein gong ein teikneserie
Den eventyrlege suksessen til superheltane starta med penn og papir.
Filmskapar og musikar James Gunn er intervjua i dokumentarfilmen.
Foto: HBO Max
Dokumentarserie
Regi: Leslie Iwerks
Superpowered: The DC Story
Med: Rosaria Dawson (forteljar), serieskaparar, teiknarar, forretningsfolk
HBO Max
På trettitalet starta det opp to teikneserieselskap som i praksis skulle ta over Hollywood nokre tiår seinare: DC Comics og Marvel. Dette er historia/reklamefilmen om den eine av dei.
Lynvinge og sandmann
I utgangspunktet er eg verken ein stor teikneserie- eller superheltfilm-fan. Det siste har eg likevel sett ein rimeleg stor dose av, særleg fordi filmbransjen har spydd ut så mange filmar i denne sjangeren dei siste åra at som kinogjengar og filmmeldar skal det halda hardt å unngå dei. Dessutan vaks eg opp med Supermann (1978), som gjekk relativt fast på nyttårsaftan gjennom åttiåra, så det å leika at ein hadde superkrefter og kunne flyga, var obligatorisk.
Elles har eg lese meir Fantonald enn Fantomet, så den seriøse teikneseriedelen har eg verkeleg ikkje mykje kjennskap til, inkludert klassikaren Sandman av Neil Gaiman, som ein eigentleg måtte lesa på nittitalet om ein hadde lyst til å framstå som nokolunde hipp og kul. Eg hugsar derimot at Batman ein gong heitte Lynvingen på norsk, noko han gjorde fram til 1987. Frå då av er verda amerikansk, og alle multiversa med.
Konkurransen
Superpowered er best i fyrste del av denne miniserien på tre episodar. Her får ein oppstartsforteljinga og forklaringar på korleis dei ulike karakterane oppstod. At superheltane stammar frå USA, er i grunnen ikkje rart, sidan den fyrste helten, Supermann, oppstod i 1938, og på mange måtar er ei immigranthistorie.
Clark Kent oppfører seg som alle andre, men han kjem eigentleg frå ein annan stad og kjenner alltid på denne ulikskapen og det å vera sliten mellom to kulturar. Wonder Woman (Mirakelkvinnen) frå 1941 har utspring i ein progressiv psykolog og dei to kvinnelege partnarane hans, medan Flash (Lynet) frå 1958 var ei naturleg utvikling i romalderen og med atombombetrusselen lurande bak.
Teikneserieverda speglar samtida, så dei historiske tilbakeblikka er ekstra interessante. Dei er heller ikkje verre på det enn at dei gjev kredibilitet og kudos til konkurrenten Marvel, som starta opp i 1939, og som med sine heltar Edderkoppmannen, Jernmannen og Hulken var meir realistiske og samfunnsbevisste og hadde meir samansette karakterar som sleit med kjenslene sine.
Infotainment
Etter denne fyrste episoden sklir Superpowered eigentleg over til å vera ein rein reklameodyssé gjennom utviklinga i DC Comics og overgangen til TV i 1966, der Adam West med stor suksess nærast parodierte Batman.
Dette er eit springbrett for å visa kor alvorleg teikneseriefansen tek heltane sine, og at det var naudsynt med ei gjenoppståing av den kule, mørke skapningen som redda dagen, og dermed tok DC Comics inn framtida.
Eg blir definitivt klokare av serien, men han ballar seg inn i for mange detaljar og blir for fragmentert til å halda på interessa mi i stor grad utover den fyrste episoden. Den overdrive høge filmmusikken som ligg under stemma til kvar einaste ambassadør for teikneseriar, superheltar og filmar, bidreg til kjensla av ein enormt lang trailer for enormt mange filmar.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Pasta med traktkantarellar, fløyte og parmesan.
Foto: Dagfinn Nordbø
Skogens gull
Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken.
Faksimile frå Chess Review 1953. Burger sit med dei svarte brikkene og introduserer ein «cheapo».
Foto: Edward Winters chesshistory.com
Frå sjakkverda: Burger med cheapo utan salami
Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.
Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB
Ei god tid for martyrar
Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?
Foto: NTB
«Epla figurerer i mange av Hauge sine dikt»
Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.
Foto: Ryan Collerd / AFP / NTB
Kandidatane frir til polakkar i USA
BUCKS COUNTY: Kanskje er det polsk-amerikanarar i Pennsylvania som kjem til å avgjere presidentvalet.