Film

Den nye amerikanske draumen?

Å sjå Nomadland er som å ta eit djupt innpust og senka skuldrene.

Frances McDormand spelar kvinna som set seg i bilen og køyrer av garde.
Frances McDormand spelar kvinna som set seg i bilen og køyrer av garde.
Publisert

Etter å ha mista jobb og hus tek Fern (McDormand) til landevegen i varebilen sin, til liks med mange andre huslause, godt vaksne amerikanarar. Mellom lausjobbar og campingplassar veks sterke band og ekte venskap fram.

Dei tapres heim

Nomadland liknar ikkje ein einaste film eg har sett før, tenkte eg mens eg såg denne nydelege filmen her om dagen. Både historia og vinklinga er så original, så uamerikansk, og samtidig kanskje alt me tidlegare har knytt til det frie, amerikanske livet, «land of the free, home of the brave».

Tenka seg til at den nye amerikanske draumen kanskje er å køyra rundt som faktiske nomadar. For mange kan dette verta realitet, kanskje særleg med alle som står arbeidsledige i koronakjølvatnet. Ein av dei mange jobbane Fern tek, er sesongarbeid ved eit av dei massive Amazon-lagerhusa. Eg tenkjer fyrst at no kjem beisk kritikk av giganten som i praksis både gjer butikkarbeidarar arbeidslause og køyrer eit beinhardt regime mot dei som ser seg nøydde å arbeida for dei. Kritikken må ein tenkja seg til sjølv, og det gjeld i grunnen det meste i Nomadland. På mange måtar er det endå meir effektivt – trankapslar smakar betre enn flytande tran, men det viktigaste er at ein får i seg tran, ikkje sant?

Oppløftande

Hatten av for regissør Chloé Zhao, som sjølv har adaptert manuset ut frå boka til Jessica Bruder, og som har fått med seg så bra folk på alt frå foto (Joshua James Richards) til musikk (Ludovico Einaudi). Ut frå rulleteksten kjem det klart fram at dei medverkande i filmen, som Swankie, Bill og Linda, spelar seg sjølve, slik Bruder skildra dei i boka si.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement