Film

Den gamle stamma og eplet

Viggo Mortensen debuterer som regissør med eit tett, drivande drama som eg håpar ikkje er sjølvbiografisk, for ein slik far unner eg ingen.

Då Willis (Lance Henriksen) byrjar å utvikla teikn på demens, overtalar sonen John (Viggo Mortensen) han til å flytte inn hos han sjølv og ektemannen.
Då Willis (Lance Henriksen) byrjar å utvikla teikn på demens, overtalar sonen John (Viggo Mortensen) han til å flytte inn hos han sjølv og ektemannen.
Publisert Sist oppdatert

Far (Henriksen) og son (Mortensen) slit når far Willis kjem på besøk. John bur saman med ektemannen og ei dotter, og tilbakeblikka på barndomen viser eit mildt sagt dårleg forhold allereie frå starten. Det vert ikkje betre av at Willis er sjuk, tutlete og endå gretnare på sine gamle dagar.

Kjeften

Dei er så pene, alle menneska i Falling. Det lurvete, gamle gardshuset i barndomsheimen ser ut som ein draum, huset i California er heimekoseleg og innbydande. Heile filmen har eit herleg, varmt filter over seg, noko som tek brodden av mykje av ubehaget. For trass i all ytre venleik, så er det ikkje mange varme glimta mellom far og son.

Det er vanskeleg å oppdaga teikn til forsonande trekk ved Willis, det verkar nesten i overkant. Men gode Lance Henriksen er eit strålande val av hovudrolleinnehavar. Eit meir kjent fjes ville kan henda ha vippa prestasjonen over i prøver-for-hardt-kategorien, medan denne meritterte, mindre profilerte skodespelaren gjev Willis truverdig tyngde som intenst lite likande.

Orda og vendingane han lirer av seg, viser eit langt liv av kyniske betraktningar som i stor grad har fått stå uimotsagt. Som sjåar får ein lyst å gryla «hald kjeft, din forbanna gamle idiot», medan John og systera Sarah har lært seg gjennom ein lang, seig barndom at å gje beskjed straffar seg.

Ettertankar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement