Film

Dagbok frå ei kvinne i flammar

Mona Fastvold skriv seg inn i eit høgt internasjonalt sjikt med kraftfull stil og store kjensler.

Bilete frå filmen, der Katherine Waterston speler Abigail og Vanessa Kirby Tallie.
Bilete frå filmen, der Katherine Waterston speler Abigail og Vanessa Kirby Tallie.
Publisert

Abigail (Waterston) skriv dagbok mellom arbeidsøkter på garden i staten New York. Det er vinteren 1856, året etter ho og mannen (Affleck) miste dottera på fire til difteri. Sorga svir. Ein dag rullar ei ukjend vogn innom tunet med eit nytt par. Nærbileta av andletet til Tallie (Kirby) og blikket til Abigail vitnar om at noko intenst kjem til å hende. Ein varm venskap er i emning.

Utvandraren

Den norske regissøren Mona Fastvold har gjort ekte USA-buar av seg. Debuten The Sleepwalker frå 2014 var eit stødig, stilig drama med trekk av skrekk. The World to Come er eit stilistisk ambisiøst, intimt periodedrama. Tidsskildringa er fyrsteklasses, med prikkfri produksjonsdesign bygd i rumenske åsar. Visuelt er det nitid perfeksjon i naturleg mørke med skrale oljelampar og dystre fargar. Abigail les med nær sagt kviskring kva som skjer i livet. Forteljarstemma passar med at filmen er basert på ei novelle av Jim Shepard. Ho er omgjeven av knaking i hus, rasling frå dyr og ulande vind. Musikk av den eksperimentelle komponisten Daniel Blumberg styrker biletet av harde kår under ein rå vinter med sterke kjensler.

Store kvinner

The World to Come er ein film om forelsking og vennskap. Dei sterke banda mellom Abigail og Tallie skapar klinsj mellom fridomstrong og kvelande pragmatikk. Personlegdomane til dei to er ulike. Utsjånaden styrker forskjellane. Forknytte Abigail er blenda av det flaumande og flammande raude håret til den likeframme og fryktlause Tallie. Språkrikdomen sparer den ordknappe Abigail til papiret, medan dei andre figurane fjongar seg med litterær talemåte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement