Film
C’est la mort
Døden er uunngåeleg sjølv for livets glade gutar.
Arthur (Fabrice Luchini) og César (Patrick Bruel) har vore vener sidan barndommen.
Foto: Another World Entertainment
Då den ruskete, sjarmerande levemannen César (Bruel) må på legevakta, overtalar han den pertentlege bestekompisen Arthur (Luchini) til å låna han ID-kortet sitt. Dette medfører at det vert avdekt at «Arthur» har kreft som ikkje kan lækjast.
Fransk
I staden for at floskelfallgruvene vert unngåtte, vert dei i På kanten av livet utnytta til fulle: Her er farseelementa det som reddar filmen frå å verta for trist, og når det vert trist, kan det jo berre tilsetjast litt amour og c’est la vie for å få opp att stemninga. For ikkje å snakka om sex – det er noko me på ingen måte skal tru dei gamle, forvaksne gutungane har slutta å bry seg med.
På sitt franske vis er det heilt OK å vurdera alderen på kvinnene (ikkje over 34 år er bra), og horehus høyrer vel med når ein er på heisatur? Det er eigentleg utruleg festleg og frigjerande at desse kulturforskjellane lever så i beste velgåande at det vert reint eksotisk å tenka seg den dagen ein endeleg skal få reist til Frankrike igjen.
Overmusikalsk
Det er heldigvis mange nok overraskande vendingar og lite dveling til at eg aldri kjedar meg. Eg ler derimot ikkje slik som eg vil tru det er lagt opp til at ein skal, men tårene pressar på når filmskaparane pressar på, så enkel er eg. Dessutan er det noko ekstra rørande med filmar om venskap, dei trumfar liksom både kjærleiksforhold og familie.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.