Film

Byggmakulering

Skjelvet har spart alt krutet til ein altfor liten del av filmen.

Kristian (Joner) og Marit (Johansen) fyk rundt på ekspedisjonar i Oslo då skjelvet byrjar.
Kristian (Joner) og Marit (Johansen) fyk rundt på ekspedisjonar i Oslo då skjelvet byrjar.
Publisert

Det har gått fleire år sidan tsunamien skylde innover Geirangerfjorden og geolog Kristian (Joner) så vidt klarte å redda skinnet saman med kona Idun (Torp) og ungane. Det har ikkje gått så bra med han i etterkant, men då dottera kjem på besøk frå Oslo og han samstundes får beskjed om rare utslag på ymse målarar på den kanten av landet, følgjer Kristian magekjensla og reiser austover.

Sakte film

Det ser framleis ut som Visit Norway har sponsa med enorme beløp, og i starten er det nesten forvirrande. Er det Bølgen (2015) eller Skjelvet eg ser på? Store delar av starten er lagde til Geiranger og til den skrantande mentale helsa til Kristian. Eg kan setja pris på at ein tek opp psykiske påkjenningar, også når det gjeld actionfilmheltar, men så mykje dveling ved temaet verkar meir som uinspirert manusjobb enn vilje til djupdykk i sinnslabyrintane. Når Kristian endeleg pitlar seg over fjellet, brukar han ikkje lange tida på å finna ut at den nyss avdøde geologkollegaen har avdekt skremmande funn i Oslofjordtunnelen, noko som ikkje vert teke på alvor av det seismologiske høgteknologiske senteret Norsar. Då er det godt han kan ta med seg ekspertise i form av… dottera til den døde kollegaen?! Marit (Johansen) verken kjenner Kristian eller så mykje til farens arbeid, verkar det som, likevel er det dei to som fyk rundt på ekspedisjon rundt om i Oslo då skjelvet startar, utruleg nok berre timar etter at Kristian har kome fram.

Big bang

Misnøye med historia sett til side – det som verkeleg har vore forventninga til Skjelvet, er naturlegvis sjølve skjelvet. Og det kjem – til gagns. Idun jobbar framleis i hotellbransjen, denne gongen på Oslo Plaza og uheldigvis i 34. etasje. Og steike for eit syn! På sekundar klappar heile byen rundt saman, i takt med at dei ørten vindauga i det høge bygget knatrar, singlar og smadrar i tusen knas. Piano siglar nedover, heisar deisar i bakken og oppi det heile fyk Kristian, Idun, dottera deira og Marit, bokstaveleg tala. Og det er verkeleg nervepirrande. I eit kvarter? Tjue minuttar? Eg treng ikkje avsløra slutten for å seia at det heile er over forbløffande raskt. Om det var fantasien eller budsjettet som sette ein stoppar, så skjedde det altfor brått. Det er synd, for når det er spektakulært, er det verkeleg kanonstilig.

Dønningen

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement