JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Blod er tjukkare enn Svartvatnet

Går det bra å byta ut britisk påskekrim med svensk? Ja visst!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tidskoloritten er til å fryda seg over, skriv Brit Aksnes.

Foto: NRK TV

2832
20230331
2832
20230331

Krimdrama

Regi: Mikael Marcimain

Hendelser ved vann (Orig. tittel: Händelser vid vatten)

Med: Pernilla August, Rolf Lassgård, Asta Kamma August
NRK TV-SERIE

Ein jonsokaftan i 1973 blir to turistar drepne i teltet sitt ved Svartvatnet i Norrland. Den som finn dei, er Annie (Kamma August) som er på veg til hippiekollektivet på Stjärnberg saman med den vesle dottera si. Nesten tjue år seinare er dei same personane framleis i bygda, med unntak av den personen Annie veit ho såg springa forbi drapsstaden rett før. Kva skjer når Johan Brandberg plutseleg dukkar opp att? Saman med den no vaksne dottera hennar?

Stilsikkert

Det er snart tretti år sidan eg las boka til Kerstin Ekman, og eg som knapt hugsar ein TV-krim eg såg for eit par år sidan, kan fryda meg over at eg ikkje hugsar noko som helst av verken handlinga eller dei skuldige i Hendelser ved vann. Det einaste eg hugsar er at eg likte boka, og eg har gitt ho vekk som gebursdagsgåve for ikkje mange år sidan til nokon eg meinte burde lesa «smart krim».

Med dette vil eg tru eg har sikta til at det er mange lag i både boka og serien, som går på at her er nyanserte problemstillingar som ofte ikkje er det mest framståande i underhaldningskrim av samlebandstypen. Særleg dette med samisk bakgrunn og hets av minoritetar ligg som eit bakteppe som ikkje verkar påtrengande, men som gjev ein ekstra dimensjon.

Elles er Hendelser ved vann fyrst og fremst ein skikkeleg godtepose av ein påskekrim: sektliknande hippiar, sprengkåte bikarakterar og ei skikkeleg mystisk mordsak som kjem fram i lyset etter årevis med spekulasjonar. Og tidskoloritten er til å fryda seg over – både syttitalet og nittitalet er gjengjeve til fingerspissane.

Ål må hon leva

Det er på ein måte dristig av statskanalen å køyra denne serien som årets påskekrim. Dalgliesh og gjengen til Agatha Christie er så langt frå denne svenske rolegkrimmen som du kan koma. Stiff upper lip er bytt ut med sneip og mage – klumsete landsbylegar og drikkfeldig lokalpoliti er på saka. Ingen av karakterane er einsidige, ingen er perfekte, med andre ord: eit realistisk tablå og ein slags sosialrealisme i påskekrimform.

Likevel er det nok guffen stemning til at du ikkje sit og tenkjer kor høgverdig det heile er, dette er hardkokt nok til å hamna godt innanfor den litt påklistra merkelappen Nordic noir. Som ein kuriositet blir eg utruleg glad av den nydelege forteljarstemma som oppsummerer kvar episode. Det er noko så heilsvensk over det, som eit nikk til Fanny og Alexander eller Marikken, for den del. Og som eit enormt effektivt grep, i alle fall på denne sjåaren, så har eg no ein gjenoppstått angst for ål.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis