Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Beetlejuice Beetlejuice: Nesten dødsfestleg

Sjølv om det er eit gledeleg gjensyn, saknar eg snerten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.

Foto: Warner Bros. Discovery

3003
20240906
3003
20240906

Komedie

Regi: Tim Burton

Beetlejuice Beetlejuice

Med: Winona Ryder, Jenna Ortega, Michael Keaton, Catherine O’Hara
Kinofilm

Etter traumatiske barndomsminne i eit spøkelseshus på landet har Lydia (Ryder) brukt bakgrunnen sin på beste kommersielle vis, som programleiar for noko tilsvarande underhaldningsserien Åndenes makt.

Men så dukkar sjølvaste hovudtraumet hennar opp, akkurat når både faren døyr og dottera Astrid (Ortega) er i ferd med å koma over tapet av far sin. Tilbake i huset på landet er det berre å innsjå: Beetlejuice (Keaton) er tilbake med full, ufyseleg styrke.

Tim-jus

Betelguese (frå arabisk lbt-al-djausa) er namnet på ei av dei mest lyssterke stjernene på himmelen, ei raud kjempe i stjernebiletet Orion. Kvifor Tim Burton valde dette namnet, veit eg ikkje, men at det høyrest ut som billejus på engelsk, er vel meir enn god nok grunn. Det vil seia, det gjev meining om du såg den fyrste Beetlejuice-filmen (1988), ein skrekkfest av den fantasifulle og leikne sorten.

Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.

Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.

Foto: Warner Bros. Discovery

Tim Burton gjorde seg til goth-regissøren over alle og følgde opp dei neste par åra med både Batman (1989) og Edvard Saksehånd (1990). Det var gjennombrotet for Winona Ryder og for komponist Danny Elfman, som kanskje er mest kjend for musikken til Et førjulsmareritt, som også er skriven av Tim Burton (men ikkje regissert).

Beetlejuice var fyrst og fremst Michael Keatons tumleplass, som den galne, irriterande, sjølvsikre, fæle, men også ellevilt sjarmerande hamskiftar-demonen. Kan han fungera i ein oppfølgjar 36 år seinare?

Fram og tilbake

Ja og nei. Eg var heilt rett målgruppe for den førre filmen, og det kjennest litt som at det er meininga eg skal vera målgruppa denne gongen òg. Eg elskar sjølvsagt den retro grafikkstilen, åttitalssongane med koreografi, filmmusikken til Elfman og den nesten identiske rollebesetninga, som betyr – viktigast av alt – at Michael Keaton framleis er kul.

Å få inn Jenna Ortega, kjend som Wednesday i oppfølgjarserien til Addams Family, til å spela den unge hovudrolla verkar nesten kynisk av Burton, men ho fungerer godt nok. Winona Ryder – kva kan eg seia – eg blir jo sentimental berre av å sjå ho, men det sit liksom ikkje heilt.

Trailer BEETLEJUICE BEETLEJUICE

Catherine O’Hara, derimot, er knallgod som eksentrisk kunstnar, og Willem Defoe ditto som tøysete sheriff i Etterlivet. Likevel skortar det på ein heilskap eller kanskje eit driv som gjer at Beetlejuice Beetlejuice ikkje gjer meg meir enn passeleg begeistra, og Michael Keaton manglar det vesle ekstra som gjorde han så uimotståeleg før.

Likevel kosar eg meg nok til å tilrå filmen om du vil ha store dosar overdådig sjokkskrekkeffektar som kjennest totalt ufarlege ut på ein god, filmaktig måte. Men eg seier ikkje namnet Beetlejuice tre gonger for å få han til å stå opp igjen, for å seia det på eit språk dei innvigde forstår.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis