JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Basert på ein draum

Patos og propaganda balanserer sånn passeleg med vakker natur og kultur.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sherab Dorji spelar læraren Ugyen som skal undervise born i landsbyen Luana i dei bhutanske fjella.

Foto: Selmer Media

2674
20230421
2674
20230421

Drama

Regi: Pawo Choyning Dorji

Skolen ved verdens ende (orig. tittel: Lunana: A Yak in the Classroom)

Med: Sherab Dorji, Ugyen Norbu Lhendup, Kelden Lhamo Gurung
Kinofilm

Bhutan, tidleg 2000-tal: Ugyen (Dorji) har gått lei av lærarlærlingtida og vil hoppa av for å bli musikant i Australia. Han blir overtalt til å ta siste innspurt på den mest avsidesliggande landsbyen i verda, Lunana: seks døger å gå frå hovudvegen, 56 innbyggjarar og ein handfull ungar som no og då får skulegang – om nokon vil undervisa dei. Og så Saldon (Gurung) og songen hennar, då.

Opplagt

Det er litt av nokre bilete som blir rulla opp i Skolen ved verdens ende. Landskapet i dei bhutanske fjella er mildt sagt overveldande – bratte tindar som får den norske fjellheimen til å verka puslete. Då Ugyen klagar på at han ikkje vil vera vikarlærar i Lunana, spør den strenge inspektøren hans om han eigentleg er bhutanar – har han eit attitude-problem eller eit altitude-problem?

Eg har eit problem med såpass opplagde skjemt, men det er samtidig eit interessant blikk på kulturen i Bhutan – at ein ofrar seg for staten, ein ofrar seg for samfunnet. Klart ein skal bli lærar! Visstnok har emigrasjonen til Australia blant unge bhutanarar vore enorm, så på eit vis kjennest filmen noko propagandaprega, ei påminning om at lukka er i Bhutan og ingen andre stader.

Klisj-klæsj

Ugyen er ganske fjern, han er meir oppteken av ipoden og mobiltelefonen enn av naturen. Så fjern er han, at ein kan lura på om han i det heile tatt kjem til å skjøna kor spesiell og fantastisk songen til unge, flotte Saldon er.

Nei då, sjølvsagt lurar me ikkje på det – heller ikkje om han kjem til å gjera ein innsats for ungane i den stusselege skulestova.

Med andre ord er det duka for klisjéfest i Bhutans einaste Oscar-bidrag og største filmimport nokosinne. Nokre av klisjeane funkar rett nok svært godt – du skal leita lenge etter ei så skjønn jente som har fått jobben som «skjønn jente»: Vesle Pen Zam er så sjarmerande at det er til å få tårer i auga av. Noko eg sjølvsagt får kvar gong ho dukkar opp på lerretet, eller når Saldon syng gjetarsongen sin, eller når landsbyungane leikar og ler.

Regissør Pawo Dorji har verkeleg gjort jobben med å finna autentisk stemning. Det minst autentiske er eigentleg historia, som er oppdikta, trass i sitt veldige preg av «basert på boka». Av og til kan det liksom forsvara patos, det at noko er teke frå røynda, men her er det altså teke frå ein fin, men tam og tannlaus draum.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis