Film
Au au au!
Om du føler deg invitert til denne gjenforeiningsfesten, ville eg funne ein kva som helst annan fest å gå på. Denne Cosmopolitanen smakte ekkelt.
Cynthia Nixon (t.v.) som Miranda Hobbes, Sarah Jessica Parker som Carrie Bradshaw og Kristin Davis som Charlotte York er med i den nye serien. Kim Catrall som Samantha Jones er ikkje med denne gongen.
Foto: HBO MAX
Byen er framleis New York, 30-og-noko-damene er vortne 50-og-noko-damer, no er det sexlivet til ungane dei snakkar om over dei overprisa lunsjane, særleg sidan Samantha ikkje lenger er med i veninnegjengen.
PK-varianten
Eg hadde ikkje store forventningar, det skal seiast. Sjølv om eg sette overraskande stor pris på dei fyrste sesongane av den opphavlege serien Sex and the City, eller Sex og singelliv på norsk (1998–2004), så har eg styrt unna filmane og tenkt at med same folk bak kamera som framfor, og med tynnare og tynnare handling og driv, kva skulle nok ein oppfølgjar bidra med?
Ikkje berre har serien verkeleg lite å koma med, dette er så mykje, mykje verre enn eg hadde førestilt meg. Sjølv om eg var ti år yngre og dermed i tjueåra mens Carrie & co heldt på sist, hadde eg ikkje problem med å setja meg inn i og til dels ha empati med dei eldre rollefigurane. At dei var privilegerte, kvite, vakre menneske blotta for nyansar, høyrde til den tids TV-satsing (tenk Friends eller Baywatch), men det var nesten meir etande enn denne apologetiske suppa.
Krampaktig blir folk med ulike hudfargar og legningar presenterte for å gjera opp for tidlegare synder, men det vert meir pinleg enn sympatisk. Det er så himmelropande innlysande grep at det berre verkar kynisk og flautt, det verste eksempelet på tokenism, som det blir kalla. Til og med Miranda, den smarte advokaten, har sokke til eit nivå så lågt at ein skulle tru ho ikkje hadde vore utandørs sidan siste episode i 2004.
Nei takk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.