«At Nicolas Cage er så lett å mislika, gjer Dream Scenario lett å lika»
Filmmelding: Dream Scenario (Kristoffer Borgli)
Nicolas Cage spelar hovudrolla i den nyaste filmen til Kristoffer Borgli.
Foto: Ymer Media
Komedie
Regi: Kristoffer Borgli
Dream Scenario
Med: Nicolas Cage, Julianne Nicholson, Michael Cera
Kinofilm
Då førelesar og familiefar Paul (Cage) tek til å dukka opp i draumane til kreti og pleti, gjer dette underlege fenomenet han til kjendis over natta. Brått får han den merksemda han føler han har vore snytt for heile livet.
Sjuke draumar
Eg såg om igjen regissør Kristoffer Borglis debutfilm, Syk pike (2022), her om dagen – eg trur det må vera ein av dei mest ubehagelege komediane eg kan koma på. Filmen er klein til fingerspissane på ein måte som set fingeren på den merksemdshungrige røynda me står midt oppi. Mykje av ubehaget kjem av måten Kristine Kujath Thorp tolkar hovudrolla på, akkurat så frustrerande i grenseland desperat og ulikandes at det tek litt tid før du har lyst å kaldkvela ho.
Når Borgli nok ein gong sirklar rundt temaet sjølvhevding, er det med sjølvaste Nicolas Cage i hovudrolla. På mange måtar er Dream Scenario endå mørkare enn Syk pike, ikkje på grunn av splatter-horror-utviklinga i draumesekvensane, meir på grunn av dei menneskelege veikskapane som kjem for dagen etter at natta er over.
«At Cage i det heile teke spelar i denne filmen, gjev god grunn til å tru han ikkje er sjølvhøgtidleg.»
Typete type
Nicolas Cage har verkeleg fått boltra seg i rolla som den passeleg gørre Paul Matthews. Til tider kunne han faktisk tona ørlite ned, det går ei hårfin grense mellom overdriving og ekte klein. Særleg i scenene med kona (godt spelt av Julianne Nicholson) kjem kompleksiteten og originaliteten som kler Dream Scenario, godt fram.
Her er ikkje tydd til klisjear av typen kontrollerande kjerring og underdanig tøffel, men fine nyansar og hint til kjønnsrollemønster som trass alt ikkje alltid er feil i eit forhold. Og Paul Matthews er altså sånn ein krenkt type! Og ein så pinleg upassande type som likevel er svært gjenkjenneleg, og som er med på å gjera Kristoffer Borglis nyaste film til ein fest der eg innimellom ler høgt.
Hatt av
Spesielt fungerer samfunnskritikken når det aldeles fortreffeleg forferdelege selskapet Thoughts? forklarer kanselleringa som er i ferd med å skje, og korleis det beste nok er å få han på showet til Tucker Carlson, der det beste dei veit, er eit offer for kanselleringskulturen. Og kor krenkt har du lov å vera når du sjølv har lagt 100 prosent opp til å bli det?
Det å vera sjølvhøgtidleg er kanskje den største synda Dream Scenario vil til pers. At Cage i det heile teke spelar i denne filmen, gjev god grunn til å tru at han ikkje er sjølvhøgtidleg. Det må vera den minst flatterande rolla han nokosinne har spelt, og det kler han. Filmen er også nydeleg filma, som i Syk pike av den norske filmfotografen Benjamin Loeb.
Hatten av for Kristoffer Borgli som dreg den vanskelege andrefilmen så til dei grader i land, og det som både manusforfattar, klippar og regissør. Tenka seg til: ein norsk auteur i det store utlandet?
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.