Årsbeste frå Brit
Begge filmmeldarane i Dag og Tid har filmen om Alta-saka av regissør Ole Giæver på topplista.
Foto: Mer Film
Utanom den fantastiske kinobesøksmessige triumfen som Barbenheimer var (Barbie og Oppenheimer hadde premiere samtidig i sommar, ein marknadsføringsstrategi som hanka inn rekordmange publikummarar, både her og utanlands), så har ikkje 2023 vore eit særleg minneverdig kinoår for denne meldaren. Nokre høgdepunkt har det likevel vore – kanskje særleg på den norske fronten.
Norske draumar
Året starta nemleg nydeleg med Ellos eatnu – La elva leve, Ole Giævers fiksjonaliserte film om demonstrasjonane rundt Alta-saka. Ella Marie Hætta gjorde ein strålande innsats, saman med ein haug andre dyktige skodespelarar, og gav eit solid heilskapsinntrykk.
Det same kan seiast om ein film som fekk lite lerretstid, men Runar Gudnasons sjølvbiografiske Eg har ord kom som ei gledeleg overrasking og hadde fortent langt fleire oppsetjingar. Også Norwegian dream av Leiv Igor Devold kan ha gått under radaren, noko som er synd, då filmen tek opp både arbeidsinnvandring og lakseindustri og i det heile er ein interessant spelefilmdebut.
Ubehaget
På topplista mi over norske, og høgt rangert av alle filmar i 2023, kjem den finurlege A Happy Day, regissert av Hisham Zaman, med handling lagd til eit flyktningmottak for ungdomar i Nord-Noreg. «Rett og slett litt magisk», skreiv eg i meldinga mi.
Også i Rimini i Italia har uttalte flyktningutfordringar, og på snedig vis kjem dette ubehageleg godt fram i Rimini, om den avdanka smørsongaren Richie Bravo som sel seksuelle tenester på si. Ulrich Seidl er aldeles på kanten i alt han gjer, og eg både kvir meg og ser fram til oppfølgjaren Sparta, som med litt hell kjem på kino neste år.
Ein anna ubehageleg film, men på ein annan måte, er Return to Seoul, Davy Chous vri på adopsjonsproblematikk og kulturforskjellar. Det er ein solid, underhaldande og tankevekkande film om å finna sin plass i verda. Love Life, Kôji Fukadas vonde og fine film om å mista eit barn, er for så vidt litt i same kategori, så ubehageleg er visst stikkordet for mine favorittar i 2023.
Og så til slutt
Eg har to filmar som utmerka seg på to like måtar: irske The Quiet Girl av Colm Bairèad og danske Resten av livet av Frelle Petersen. I tillegg til å vera fine filmar om såre tema snakkar dei irsk-gælisk og sønderjysk. Eg dånar, det er så fint. Fransk er ikkje like eksotisk, men Saint Omer av Alice Diop er eit særs tilrådeleg rettsdrama, og det franske rettssystemet er definitivt eksotisk.
Og blant alle desse sjåverdige, høgverdige filmane passar Barbie inn – under tvil. Greta Gerwigs sigersgang av ein film er den einaste av overnemnde titlar eg gjekk to gongar og såg på kino. Eg likte ikkje spesielt godt den noko daterte feministiske bodskapen i filmen, men utanom det koste eg meg på ein sånn måte som berre ein skikkeleg glossy, hollywoodsk popcornfilm i kinomørket saman med andre oppstemte publikummarar kan framkalla.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.