Film

Anemisk animasjon

Til å handla om Dracula er Hotell Transylvania 3 usedvanleg blodfattig.

Grev Dracula, dotter hans og monstergjestene på hotellet deira er tilbake i kinosalen.
Grev Dracula, dotter hans og monstergjestene på hotellet deira er tilbake i kinosalen.
Publisert

I nok ein film følgjer me grev Dracula, dotter hans og dei mange monstergjestene på hotellet deira. På ei feriereise til Bermudatriangelet oppstår søt musikk mellom Dracula og kaptein Ericka, som viser seg å vera oldebarnet til vampyrjegeren Van Helsing.

Tomgang

God animasjon kan vera minst like kjek? for vaksne som for ungar, men det krevst eit visst nivå for å underhalde dei fyrstnemnde. Fyrste filmen om Hotell Transylvania var eit masete samansurium med lita framdrift anna enn å presentera tretten på dusinet-vitsar og ymse monsterkjendisar. Animasjonsstudiet til Sony har produsert mykje middelmåtig sidan dei starta opp i 2002, og denne drøvtygginga av materiale i form av oppfølgjarar er som soleklar resignasjon for kommersialiteten. Smurfene 1 og 2, Det regner kjøttboller 1 og 2 og no ein tredje Hotell Transylvania – det er godt ungane likar denne glatte, kjappe forma, det er trass alt dei som syter for at mjølkekua Sony står trygt i båsen sin så lenge det varer.

Zzz

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement