Film
Å vêra eller ikkje vêra
Kven har sagt at teiknefilmar berre er for barn?
Makoto Shinkai byd på ei ny eventyrleg reise i anime-universet.
Foto: CoMix Wave Films Inc.
Hodaka (Daigo) har rømt frå øya der han går på vidaregåande skule, for å finna lukka i Tokyo. Det regnar ustoppeleg, men unge Hina (Mori) har fått krefter som kan få fram sola i korte periodar. Kan godvêrsjenta og rømlingen løysa problemet med all nedbøren?
Eventyrleg spel
Eg veit ikkje heilt korleis eg skal ignorera at dei kloke hovuda i filmen på underleg vis avfeiar kontant at klimaendringar er noko menneske kan styra med, at det berre er noko som kjem og går. Uansett kva som gjer det – utsiktene til eit regn som aldri gjev seg, er noko eg som fastbuande i Bergen by kan sjå for meg som ein dyster framtidsrealitet. Då hadde eg nok med glede teke imot litt åndeleg draghjelp om det jaga vekk skyene.
Men magien i Weathering with you ligg mindre på dei magiske elementa og meir på det eventyrlege spelet av fargar og animasjonstriks som skapar ein effekt heva over sjølv det beste Studio Ghibli byr på i filmane sine (tenk på Min nabo Totoro, Chihiro og heksene og Katteprinsen, for å nemna nokre).
Manga for mange
Regissør og manusforfattar Makoto Shinkai skuldar mykje til anime-tradisjonen i Manga-bøkene, som var dei første til å ta historiene hans over i teikning
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.