Film

Å leva det er å elska

Ein skal ikkje gløyma kor uforgløymeleg glad tida før aids faktisk var.

På rekordtid klarer heile gjengen å gjera deg glad, skriv Brit Aksnes.
På rekordtid klarer heile gjengen å gjera deg glad, skriv Brit Aksnes.
Publisert

Vi er i er London i 1981, og ein gjeng liberale ungdommar søkjer til hovudstaden for å finna ut av livet og kjærleiken. Det faste haldepunktet er The Pink Palace, der venene Jill (West) og Ritchie (Alexander) og resten av bufellesskapet held til. Utover åttitalet legg ein grufull sjukdom dei ikkje veit så mykje om, ein kraftig dempar på godstemninga.

Himmelsk

Åttitalet var på mange måtar det verkelege gjennombrotet for homofile. Aksepten var så vidt byrja melda seg, eller ein gjorde i det minste ikkje lenger noko ulovleg ved å stå fram, noko det var i Noreg heilt fram til 1972. London, med nattklubben Heaven, artistar som Boy George og Freddie Mercury og generelt ein miks av alle typar folk, blir framstilt som eit mekka, særleg for homofile. Og det er denne berusande gleda over å kunna vera seg sjølv som kjem boblande opp i form av dei nydelege hovudpersonane med ulike kulturelle, etniske og klassemessige forskjellar.

På rekordtid klarar It´s a Sin å gjera deg glad i heile gjengen, utan at det vert brukt lang tid eller unødig sentimentale grep for å introdusera det mørke bakteppet for serien: aidssjukdommen som skulle gje den gryande homofrigjeringa hard medfart, for ikkje å snakka om ta livet av millionar av menneske av alle legningar.

Men over dei ti åra serien tek for seg, var det framleis ikkje så klart at det ikkje var Guds straffedom det var snakk om. Og nei, hivviruset er på ingen måte utrydda, men i den vestlege verda skulle det berre vera snakk om tid før me fekk medisinar som redda liv og framleis gjer det.

Joie de vivre

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement