🎧 Sønderkunst
Det gjer utruleg vondt å sjå ein av dei beste filmane i år.
Benni vert spela av Helena Zengel.
Foto: Peter Hartwig
Lytt til artikkelen:
Drama
Regi: Nora Fingscheidt
Systemsprengeren
Med: Helena Zengel, Albrecht Schuch, Gabriela Maria
Schmeide
Niårige Benni (Zengel) er ei utagerande jente med store aggresjonsproblem. Ho er inn og ut av ulike institusjonar og instansar innanfor det tyske barnevernet. Lite hjelper, men ein dag får den nye skulekontakten Micha (Schuch) henne på nye tankar. Kan han knekka koden som får henne ut av den vonde sirkelen?
Tankevondt
Eg har sjeldan tenkt så mykje på ein filmtittel i etterkant som Systemsprengeren. Han sa meg ingenting før eg gjekk inn i salen, og etterpå kjenner eg tårene stiga berre eg ser eller høyrer orda. Mitt einaste møte med «systemet» var som assistent på ein barneskule for mange år sidan, eg var ikkje særskilt eigna for jobben, for du skal nesten vera overmenneske for å takla den veggen av motstand eit forbanna barn kan oppdriva. Vesle lyslugga Benni kan terga på seg ei steinrøys. Det utfordrande blåe blikket gjev deg lyst å rista henne, for så i neste augeblikk klemma henne så hardt at all sinna energi forsvinn. Finst det noko meir sårbart enn eit barn som ikkje forstår sitt eige beste? Grenseløysa hennar gjer meg grenselaust trist.
Mangslags leik
Viss ein vel å bruka ordet heilstøypt om ein film, skal det meste stemma: musikk, foto, skodespelarar, manus, klipp, scenografi. Systemsprengeren er heilheilstøypt – hatten så inderleg av for regissør og manusforfattar Nora Fingscheidt! Den geniale, rett-på-introen minner meg om ein annan tysk klassikar, Løp, Lola, løp (1998), noko som eg tippar er gjort heidundrande med vilje. Handverket bak er så gjennomtenkt, kva som er skodespel og kva som er ekte kjensler, det torer eg nesten ikkje spekulera i. Bennis intense behov for kjærleik og tryggleik kjem til uttrykk på eit så truverdig vis at ein må lura på om barnevernet faktisk er involvert. Og barnevernet med sine mange tilknytte instansar spelar ei stor og viktig rolle. Litt på same måte som lærarmøta i norske Barn, som kom før i år, får me eit innblikk i korleis kvardagen fortonar seg for sosionomane og dei andre som jobbar på institusjonane. Det vekkjer både antipati og djup, djup sympati.
Sosioteten
Den tidlegare fostermora til Benni seier «eiga mor er alltid best». Verkeleg? For meg er Systemsprengeren ei god framstilling av kva som skjer når mor ikkje har kapasitet til å stilla opp. Ho vil det så gjerne, det går ikkje på at ho ikkje har kjærleik for dottera si. Men gong på gong lovar mora at ho skal få koma heim. Dei tallause løftebrota er kanskje det mest hjarteskjerande av alt Benni går gjennom. Tilknytinga til vaksne er så uendeleg viktig for dei små, om dette treng vera av biologisk art, trur eg mindre og mindre på.
Finst det enkle løysingar? Sjølvsagt ikkje, og det gjer det heile endå meir opprivande. Den norske dokumentaren Pøbler (2015) fekk meg til å tenkja at eg burde verta sosionom, Systemsprengeren får meg til å håpa at alle andre enn meg sjølv vert det. Og no må eg grina igjen – for Benni og for alle andre systemsprengarar.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Systemsprengeren er heilheilstøypt – hatten så inderleg av for regissør og manusforfattar Nora Fingscheidt!
Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.