JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

… så forblir dei eigentleg berre gutar, om dei heiter Prebz og Dennis. Det høver nok best for målgruppa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Preben Fjell og Dennis Vareide møttest på folkehøgskule. Resten er historie, som det heiter.

Foto: North Sea Productions

2359
20170811
2359
20170811

Dokumentar

Regi: Kaspar Synnevåg

Prebz og Denniz – The Movie

Med: Prebz, Dennis og kompani.

I 2009 byrja Preben Fjell og Dennis Vareide på folkehøgskule. Med felles interesse for dataspeling fann dei ut at dei skulle starta opp ein norsktalande YouTube-kanal der andre kunne følgja med på når dei spela. Ungar over heile landet gjekk etter kort tid gut av huse for å følgja dei nye heltane.

Fenomenn

For dei av lesarane som ikkje kjenner Prebz og Dennis, og det kan fort vera ganske mange, dristar eg meg til å samanlikna med eit anna TV-konsept som moglegvis er meir kjent, nemleg amerikanske Jackass, der ein tek utfordringar med ulik grad av smerte, pinlege situasjonar og ekle smakar. Dette tok også dei to unge mennene til med, noko som nok auka populariteten betydeleg, og skaffa dei innbringande oppdrag, som kjøpesenterunderhaldning laurdagar rundt om i landet. På kort tid vart dei rett og slett rike superkjendisar – mange barns største draum, diverre. At to godt vaksne gutar framleis diggar å dabba og klaska høge nevar med småtassar, er i beste fall barnleg glede. I verste fall er det eit bevis på at den største gleda du kan ha, det er å tena lette pengar. Mest sannsynleg trur eg det er ein kombinasjon.

Bak mål

Gleda fansen har, er noko av det beste med filmen. Ho er genuin slik berre ungar kan vera genuine. Det betyr ikkje at barna er noko kvalitetsbarometer, men det er heller ikkje jobben deira og ikkje målet med filmen, for den del. Når det skortar på anna enn kleine utfordringar, som å slå kvarandre i ballane og køyra fort med bil, prøver filmskaparane å få inn litt alvor. Prebz har teke ein slankeoperasjon, og han skal gå med ein tung ryggsekk, tilsvarande vekta han har teke av, opp til fjellet Ulriken i Bergen. Dette verkar likevel meir som eit verkemiddel for å legitimera at dei vil gjera butikk av det som alt er god butikk, enn å peika på problem med unge og overvekt. Eg har vanskar med å sjå kva som er poenget med filmen. Alt Prebz og Dennis driv med på YouTube, er jo bak kamera, så at ein filmar at dei filmar bak kamera, er relativt formålslaust. Då sit ein att med ein slags godt klipt YouTube-episode – ikkje ein god film.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis