🎧 Dokkeinstinktet
Alle gode ting er fire.
Foto: Disney Pixar
Lytt til meldinga:
Animasjon
Regi: Josh Cooley
Toy Story 4
Stemmer (på engelsk): Tom Hanks, Annie Potts, Tim Allen
Leikene er tilbake! Sheriff Woody (Hanks) har fått eit nytt barn å ta seg av, etter å ha vore trufast mot Andy i ni år (og tre andre Toy Story-filmar). Ei av dokkene, Bo Peeps (Potts), har enda opp i ein antikvitetsbutikk, og då familien til vesle Bonnie skal på tur, er ein ny redningsaksjon i gang.
I dokkeverda
OK, så er det ikkje veldig sexy med endå ein oppfølgjar der dei ikkje eingong har teke seg bryet verdt med å prøva finna ein meir oppfinnsam tittel enn å leggja til talet 4. Men det er ærleg nok, og når du har ei såpass sterk merkevare, kva skal du med originalitet? Faktisk: Dei har heldigvis halde seg trufast til formelen: ei blanding av nostalgi for gamle, gjenkjennelege leiker, fabelaktig manus og enkel, effektiv historieforteljing.
Det mest sympatiske med denne rekka av filmar er kor jamstilte alle figurane er: Alle kvalitetar trengst, mangfaldet styrker fellesskapet, ingen er berre god eller dårleg. Tenk om ein kunne sjå verda slik! Det er rart kor samde me er om kva eigenskapar som er positive så lenge det er på film.
Ny innstilling
Det har likevel skjedd ei utvikling i denne fjerde Toy Story-filmen. Det kjem som eit sjokk på Woody då han treffer veninna Bo Peeps att, og ho ser ut til fullstendig å ha frigjort seg frå ynsket om å vera med barn att. For Woody har dette vore einaste meininga med livet. «Men kva når ungane ikkje treng deg lenger – vil du berre sitta og støva ned på ei hylle i staden for å oppdaga verda?», seier Bo, som har bytt ut den rosa kjolen med ei meir praktisk buksedrakt.
Symbolikken verkar å vera frigjering, frå det samfunnet forventar, frå kjønnsrollar, frå det å velja bort ungar for å realisera seg sjølv. Og her kunne det glidd over i å verta kynisk og svartkvitt, men me snakkar Disney – sjølvsagt skal ingen verke kjipe og dumme. Det vert med andre ord frigjerande både for dei som vel tradisjonelt (les: familieliv og dei mange gledene med å ha ungar), og dei som vil prøva andre livsstilar (og her les eg lett til min eigen fordel: frilansliv, frivillig barnløyse og fridomen frå dei tradisjonelle pliktene).
Ingenting av dette, som eg kanskje legg vel mykje symbolikk i, kjem i vegen for det som er den sedvanlege styrken til Toy Story-filmane: skikkeleg drivande god underhaldning for heile familien, med eller utan barn.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det har skjedd ei utvikling i denne fjerde Toy Story-filmen.
Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.