Film

Fest i berg-og-dal-banen

Eg ler heile Mjølkevegen og tilbake mens eg klør meg i hovudet og tenkjer at eg må ta turen om igjen snart for å få med meg alle detaljar.

Michelle Yeoh spelar kinesiske Evelyn som driv eit vaskeri saman med Waymond, spela av Ke Huy Quan.
Michelle Yeoh spelar kinesiske Evelyn som driv eit vaskeri saman med Waymond, spela av Ke Huy Quan.
Publisert

Kinesiske Evelyn (Yeoh) og Waymond (Quan) driv eit vaskeri ein stad i USA, og slit litt med å skjøna seg på dragnaden dottera (Hsu) har mot Vesten, og på vestleg rekneskapsføring. Då dei skal inn på skattekontoret til eit avgjerande møte, kjem det fram at ingenting er som det skal vera, verken på papiret eller i galaksen.

Galen akse

Den tidlegare samarbeidsfilmen til regissørparet The Daniels, Swiss Army Man (2016), var så sprø og barnsleg og langt frå mine føretrekte jordnære samtidsdrama at det var med eit par klare fordommar eg sette meg i kinosalen for å sjå den nyaste affæren deira.

Eg kan vanskeleg skildra kva for berg-og-dal-bane-tur av ein film dette er utan å bruka flosklar som berg-og-dal-bane-tur. Her skjer så mykje, og ein blir kasta frå side til side og må halda seg godt fast i svingane. Eg fell av innimellom, men utan at det gjer så mykje – det er berre å klatra om bord igjen og nyta turen.

Filmar av ein sånn effektmessig kvalitet kjem sjeldan, anna enn frå Marvel-kontoret, der det blir pumpa ut oppfølgjarar og spin-offs raskare enn du klarar seia «nok-ein-halvhjarta-superhelt-film». Everything Everywhere All At Once verkar så hjartevarmande heilhjarta oppi galskapen, noko som tilfører ein ekstra dimensjon (tilsikta dobbelbotn), og som til liks med den før nemnde Swiss Army Man reddar filmane frå å klappa saman i finessar og kløktig klypp.

Raccacoonie!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement