Bok
Fellesskap, overskriding og utstøyting
Ved hjelp av enkle middel seier dikta til Svanhild Amdal Telnes noko vesentleg om samfunn og menneske i ein utsett posisjon.
Svanhild Amdal Telnes er fødd i 1994 og voks opp i Seljord. Ho er psykolog og har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Julie Pike
Svanhild Amdal Telnes vart i 2018 nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for diktboka Om natta brukar mor dråpeteljar.
I den andre diktboka hennar, Å jage ein hjort i døden, vert ei ettersivilisatorisk verd skissert opp. Den moderne, industrielle og teknologiske verda er tilbakelagd til fordel for ei enklare livsform og ein ny samfunnsformasjon.
Nokon har rodd ut frå fastlandet, brent båtane sine, busett seg på ei øy og isolert seg frå resten av verda. Dei vande familierelasjonane er oppløyste, alle vert anten omtala som «onklar» eller «tanter», «bror» og «syster» – og «alt er/ flytande, felles og delbart.» Dei bur i hytter og livnærer seg av sanking og jakt. Det som er knytt til fastlandet og fortida, er forbode å minnast – sjølv om det nye samfunnet verkar å vere ein regresjon, ein tilbakegang til noko enklare.
Poetisk forteljing
Det lyriske eget, som er ei ung jente, oppdagar at hendene hennar har lækjande krefter då ein av brørne hennar vert sjuk. Etter ei stund verkar det som posisjonen hennar er utsett idet dei ekstraordinære evnene gjer at ho skil seg frå fellesskapen: «Eg sovnar som syster (...) og eg/ vaknar som ulv.» Og det er slett ikkje så sikkert at soga endar godt for eget: «Hendene mine er faklar/ og alt rundt meg skal brenne.»
Enkeltdikta gjer nedslag, skisserer små sekvensar, episodar og punkt, men til saman dannar diktboka ei forteljing om denne nye samfunnsformasjonen. Det er mogleg å lese den poetiske forteljinga på ulike nivå: som eit sivilisatorisk samanbrot i kjølvatnet av ei økologisk krise.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.