Felles kamp for fridom

Winston Churchill og George Orwell – hadde dei noko til felles, den puritanske venstresosialisten og den brummande aristokratiske imperialisten?

George Orwell (1903–1950).
George Orwell (1903–1950).
Publisert Sist oppdatert

Då Orwell drog til den einsame stova på øya Jura på Hebridane like etter krigen for å skriva 1984, kalla han helten i historia, den forfølgde byråkraten i Sanningsministeriet, Winston. Er det nokon samanheng her? Rett nok var både Orwell og Churchill krigskorrespondentar (Boarkrigen 1899–1901 og borgarkrigen i Spania 1936–37), og til dels levde dei begge av å skriva. Men dette er overflatiske felles drag. Finst det noko djupare?

Dette er temaet for Thomas E. Ricks i boka Churchill & Orwell: The Fight for Freedom. Ved fyrste augnekast verkar ei slik samanlikning søkt.

Churchill var ein aristokrat som aldri – strengt teke – hadde møtt vanlege folk. Som kona Clementine sa det: Han tok aldri ein buss. Det er òg ofte oversett at Churchill til tider var hata av den engelske arbeidarklassa for rolla han spela då han sende politi mot streikande på austkanten i London under generalstreiken i 1926 – eit omdøme som kom til å forfylgje han og var sterkt medverkande til nederlaget ved valet i 1945.

Og ryktet hans i India er sterkt flekka den dag i dag. Han vert halden ansvarleg for hungerkatastrofen i Bengal. Han greip ikkje inn. Det er flust med karakterstikkar av indarar, især Gandhi, som er sterkt rasistiske hjå Churchill.

TANKEVEKKJANDE

Men nett ved systematisk å samanlikna lagnaden til desse sentralpersonane i britisk historie kjem det spanande perspektiv fram.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement