Bok
Fargar, lys og skiftande stemningar
Katherine Mansfield skriv sanseleg, levande og truverdig.
Katherine Mansfield (1888–1923) var ein fornyar av den moderne novella.
Foto via Wikimedia Commons
Den nye boka i klassikarserien frå Skald er ei novellesamling av Katherine Mansfield (1888–1923) frå New Zealand. Ho var ein del av avantgardelitteraturen kring 1920, i lag og på høgd med Virginia Woolf, James Joyce og D.H. Lawrence.
Noko av det som slår ein mest under lesinga, er dei gode skildringane av lys og fargar, som omsetjaren Tove Bakke, som har gjort eit framifrå arbeid, også nemner i etterordet. Her er eit døme der Mansfield skriv om kveldshimmelen: «På vesthimmelen hang svære massar med ihopknurva rosefarga skyer. Breie lysstrålar skein igjennom skyene og forbi dei, som om dei ville dekke heile himmelen. Over dei mista det blåe fargen og vart til bleikt gull, og bushen som teikna seg imot det, glimta mørk og blank som metall.»
Stemningsskifte
Novellene har handling frå ymse stader, men ein ser at forfattaren er frå New Zealand, mellom anna av den presise skildringa av korleis ein saueflokk rører seg, på side 10. Men først og fremst er det folk ho skriv om, oftast i stoder der stemninga skiftar. I den lengste forteljinga, «Ved bukta», vaknar ein heil husstand først verkeleg til liv og røre når den sjølvhøgtidelege mannen i huset har reist på jobb. I tittelnovella er skiftet mellom liv og død, men også mellom klassar, dei rike med sine tulleproblem, og dei andre med sine reelle.
Stemningsskiftet er meir konkret og direkte i «Songtimen», der ei musikklærarinne er mørk i hugen etter eit nedslåande brev frå mannen ho trudde ho skulle gifta seg med. Medan ho tenkjer at ho no lyt seia opp jobben og reisa bort i skam over ein lovnad som ikkje vert halden, dirigerer ho eit kor nær sagt på tyrannisk vis, til det kjem eit telegram som vender opp ned på alt.
I «Den framande» ventar ein mann med lengsle på at kona hans, som har vore utanlands i ti månader, skal komma heim med båt, og nesten alt er fryd og gaman då ho kjem, men eitkvart har hendt på skipet, noko som endrar tankane til ektemannen, ikkje heilt ulikt det som skjer med Gabriel Conroy i novella «The dead» hjå James Joyce. Heretter veit ein at ein deler kjenslene til ektemaken med einkvan som har ein uslåeleg føremon: Han er død!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.