Film

Famling i leikestova

Både ideen og filmen verkar berre halvvegs gjennomarbeidde, men manglar ikkje artige og snedige påfunn leverte av artige og snedige skodespelarar.

Ein gjeng filmstudentar tek med seg tre arbeidsledige skodespelarar til eit motell i den norske fjellheimen for å lage zoombiefilm.
Ein gjeng filmstudentar tek med seg tre arbeidsledige skodespelarar til eit motell i den norske fjellheimen for å lage zoombiefilm.
Publisert

Ein gjeng filmstudentar reiser ut på bygda for å laga ein zombiefilm, men så skjer det skrekkelege ting med dei sjølve i staden. Eller gjer det eigentleg det?

Lastverk

Det er over tjue år sidan The Blairwitch Project (1999) skapte stor oppstandelse med amatøropptak sette saman til det som skulle førestilla ein ekte film av ungdommar som blir drepne i skogen. Det er vanskeleg å tenka seg Prosjekt Z som anna enn ei hyllest og kanskje eit forsøk på å gjenskapa denne, berre sjølvsagt med nok humor og ironi til å sleppa å ta eventuelle negative samanlikningar på alvor.

Eg er ikkje sikker på kor alvorleg Dahlsbakken har lyst å verta teken for den nyaste av mange produksjonar dei siste åra. Han har ei unik evne til å samla flust av kjende skodespelarar inn i idériket sitt og på eit eller anna vis kverna dei gjennom til ein ferdig film.

Eg er definitivt meir imponert over dette enn over filmar som Gledelig jul (2020) og Rett vest (2017). Det må vera irriterande å få påpeika denne enorme produktiviteten heile tida, men kanskje resultata hadde vorte jamt over betre om han ikkje hadde sånt hastverk med å få alt ut.

Kollektiv moro

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement